Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Burundi (27.11.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen seier seg glad for at det er skipa ei ny regjering som det er brei semje om i Burundi, som ledd i ein dynamisk, framtidsretta dialog- og konsultasjonsprosess.

Den europeiske unionen seier seg glad for at det er skipa ei ny regjering som det er brei semje om i Burundi, som ledd i ein dynamisk, framtidsretta dialog- og konsultasjonsprosess.

Denne nye politiske samanhengen opnar for svært oppmuntrande perspektiv, og Den europeiske unionen håper at han vil medverke til å skape den stabiliteten og roa som det er behov for for at dei relevante partane skal kunne fokusere på alle dei utfordringane som framleis markerer prosessen med å byggje opp att landet og konsolidere freden, og særleg rettsoppgjeret i landet.

I den samanhengen ber EU regjeringa i Burundi om å nytte dette nye høvet til ein gong for alle å fastsetje prinsippa for ei effektiv og open forvaltning av staten sine saker. Den europeiske unionen står klar til å støtte Burundi i arbeidet for å nå dette målet. Unionen seier seg glad for den nylege avtalen med IMF.

Den europeiske unionen håper at den gjenoppretta politiske roa skal gjere det mogeleg for Burundi å særleg gjere framskritt med omsyn til rettsoppgjeret. Unionen seier seg glad for at det er skipa ei trepartsstyringsgruppe som har til oppgåve å leggje til rette for nasjonale konsultasjonar og håper at denne gruppa vil kunne halde fram med arbeidet sitt så effektivt som mogeleg.

Til sist ber Den europeiske unionen den burundiske regjeringa og FNL om på ein konstruktiv måte å ta opp att forhandlingsprosessen for å gjennomføre dei avtalane som blei underteikna i 2006, og EU stør den viktige rolla som det regionale initiativet speler. Det er avgjerande at FNL tek opp att plassen sin i den felles kontroll- og oppfølgingsmekanismen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.