Historisk arkiv

Erklæring frå utanriksministrane i EU på møtet i Bremen 30. mars (30.03.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen seier seg lei for at 15 britiske statsborgarar som blei pågripne av Iran 23. mars, framleis blir haldne tilbake, og understrekar si vilkårslause støtte til regjeringa i Storbritannia.

Den europeiske unionen seier seg lei for at 15 britiske statsborgarar som blei pågripne av Iran 23. mars, framleis blir haldne tilbake, og understrekar si vilkårslause støtte til regjeringa i Storbritannia. 

Alt tyder på at dei britiske marinesoldatane på det tidspunktet då dei blei pågripne, var på rutinemessig patruljering i irakisk farvatn i samsvar med resolusjon 1723 frå FNs tryggingsråd. Pågripinga som iranske styrkar stod for, er difor eit klart brot på folkeretten. 

Den europeiske unionen tek opp att oppmodinga om at dei britiske marinesoldatane blir sette fri straks og utan vilkår. Den europeiske unionen oppmodar dessutan Iran om straks å melde frå til den britiske regjeringa om kvar dei britiske marinesoldatane oppheld seg og å tillate at konsulært personell får vitje dei. Dei grunnleggjande rettane til alle fangar i Iran må strengt overhaldast. 

Utanriksministrane i EU bad den høge representanten om å leggje EU sitt syn fram for den iranske regjeringa. 

Dersom dei britiske statsborgarane ikkje blir sette fri med det aller første, vil EU gjere vedtak om passande tiltak. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa. 

*  Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.