Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valden mot media i Somalia (27.09.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen uttrykkjer stor uro over situasjonen for pressefridomen og dei stadig større trugsmåla mot journalistar i Somalia. Sidan januar 2007 har sju journalistar blitt myrda, og andre har blitt utsette for trugsmål og tvinga til å forlate landet.

Den europeiske unionen uttrykkjer stor uro over situasjonen for pressefridomen og dei stadig større trugsmåla mot journalistar i Somalia. Sidan januar 2007 har sju journalistar blitt myrda, og andre har blitt utsette for trugsmål og tvinga til å forlate landet.

Hendingane sist veke – angrepet på Radio Shabelle og at dei blei tvinga til å stogge sendingane – har vist at retten til å uttrykkje seg fritt i Somalia er alvorleg truga, noko Den europeiske unionen fordømmer. Ytrings- og meiningsfridom er ein grunnleggjande menneskerett nedfelt i den internasjonale menneskerettserklæringa, og bør vere ein avgjerande faktor for å oppnå ekte forsoning og konsolidering av freden i Somalia.

Den europeiske unionen ber innstendig dei somaliske styresmaktene om å granske dei brotsverka som er utførte mot journalistar, og å oppretthalde dei vilkåra som media treng for å kunne utføre arbeidet sitt.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.