Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Tsjad – underteikninga av ein politisk avtale mellom ulike grupperingar i Tsjad (14.08.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen seier seg glad for at alle dei politiske partia i Tsjad, både frå fleirtalet og frå opposisjonen, i N'Djamena 13. august 2007 underteikna den politiske avtalen om å styrkje demokratiseringsprosessen i Tsjad.

Den europeiske unionen seier seg glad for at alle dei politiske partia i Tsjad, både frå fleirtalet og frå opposisjonen, i N'Djamena 13. august 2007 underteikna den politiske avtalen om å styrkje demokratiseringsprosessen i Tsjad, med verdssamfunnet og det tsjadiske statsoverhovudet, president Idriss Deby Itno, til stades.

Avtalen er eit viktig framsteg for å gjenopprette den politiske tilliten og å konsolidere demokratiseringsprosessen i Tsjad. Han er resultatet av eit eksemplarisk døme på politisk dialog, sett i gang i desember 2006 med støtte frå Den europeiske unionen, og som 17 parti som representerer det politiske liv i Tsjad, sidan den tid har vidareført med mot og fastleik.

Den europeiske unionen, som underteikna avtalen som observatør og som vil delta som «tilretteleggjar» i «oppfølgings- og støttekomiteen», rosar det tålmod og den toleranse og nasjonale visjon som alle velvillig innstilte tsjadiske aktørar har vist for å oppnå dette oppsiktsvekkjande resultatet.

Den politiske avtalen som no er underteikna, er ein historisk sjanse for alt folket i Tsjad til å komme vidare i retning av fred, stabilitet og utvikling og klart og definitivt forkaste våpen som eit middel til å skaffe seg eller halde fast på makt, noko som verdssamfunnet samrøystes har fordømt.

Den europeiske unionen oppmodar no dei same aktørane om å halde oppe denne ånda av openheit og semje, og å halde fram med å fremje dei nasjonale interessene i den svært viktige fasen då den politiske avtalen faktisk og resolutt skal gjennomførast i alle sine delar: valordning, institusjonelle spørsmål og tryggleik.

Den europeiske unionen stadfester for sin del på nytt at dei kontinuerleg er forplikta til å stå side ved side med Tsjad i denne gunstige prosessen. Saman med folket i Tsjad håper dei at andre eksterne partar som er interesserte i stabilitet og utvikling i dette landet, også vil ta del i denne prosessen.

Den europeiske unionen vil særleg halde fram med og ytterlegare trappe opp den innsatsen dei allereie har gjort for å arbeide for ei omfattande reform av den tsjadiske valordninga slik ho er definert i den politiske avtalen, for på eit betre grunnlag som alle kan godta, å oppnå truverdige demokratiske val i framtida som trufast speglar vona til heile det tsjadiske folket.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.