Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om hendinganei Burundi den seinare tida (18.03.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen har med uro og sorg fått kjennskap til åtaka som heimane til fleire parlamentsmedlemmer i Bujumbura blei utsette for om kvelden den 8. mars 2008.

Den europeiske unionen har med uro og sorg fått kjennskap til åtaka som heimane til fleire parlamentsmedlemmer i Bujumbura blei utsette for om kvelden den 8. mars 2008.

Unionen fordømmer sterkt desse åtaka og alle brot på tryggleiken til parlamentarikarar og folkevalde i Burundi.

Unionen oppmodar dei burundiske styresmaktene til omgåande å finne fram til sanninga om desse åtaka og å stille gjerningsmenn og bakmenn for retten.

EU er uroa over at dei representative institusjonane ikkje fungerer som dei skal; særleg gjeld det nasjonalforsamlinga, som altfor ofte er lamma av politiske konfliktar om heilt andre tinge enn dei økonomiske og sosiale spørsmåla landet må ta seg av som ei prioritert sak.

Unionen tek difor til orde for at alle politiske aktørar i Burundi må vise måtehald og gå inn i samtalar og samråd. Behovet for å setje Burundis allmenne interesser, utvikling og restitusjon først, i samsvar med fredsavtalane og den demokratiske grunnlova landet har vedteke, er særleg aktualisert av dei vedvarande og valdelege samanstøytane mellom tryggingsstyrkar og element i Dei nasjonale frigjeringsstyrkane (FNL) som framleis fører til tap av menneskeliv.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.