Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot tolv underskrivarar av Damaskus-erklæringa (05.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen beklagar sterkt at tolv framståande medlemmer av sivilsamfunnet i Damaskus den 29. oktober 2008 blei dømde til fengsel i to og eit halvt år for å ha underteikna Damaskus-erklæringa om nasjonal demokratisk endring.

EU tek til orde for at desse ikkjevaldelege aktivistane må setjast fri, og ber Syria innstendig om å rette seg etter dei internasjonale dokumenta landet har slutta seg til, særleg Verdserklæringa om menneskerettane og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Syria underteikna og ratifiserte i 1969.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.