Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter ICC- påklagarens nye oppmoding om utferding av arrestordrar i samband med situasjonen i Darfur (24.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen er gjort kjent med oppmodinga frå Den internasjonale straffe-domstolens påklagar om at det vert utferda arrestordrar på tre opprørsgruppemedlemmer, som skal vere ansvarlege for det dødelege åtaket på soldatar frå Den afrikanske unionen i Haskanita 29. september 2007. Det er no opp til dommarane i ICCs kammer for førehands-gransking å avgjere kva som skal skje med oppmodinga frå påklagaren.

Den europeiske unionen er gjort kjent med oppmodinga frå Den internasjonale straffe-domstolens påklagar om at det vert utferda arrestordrar på tre opprørsgruppemedlemmer, som skal vere ansvarlege for det dødelege åtaket på soldatar frå Den afrikanske unionen i Haskanita 29. september 2007. Det er no opp til dommarane i ICCs kammer for førehands-gransking å avgjere kva som skal skje med oppmodinga frå påklagaren.

EU seier seg glad for det arbeidet ICCs påklagar gjer, for å finne dei som er ansvarlege for åtaka på dei fredstryggjande styrkane, og stille dei for ein internasjonal domstol. Unionen understrekar at alle åtak på fredstryggjande operasjonar er krigsbrotsverk etter Roma-vedtektene. 

EU minner om at ICC spelar ei sentral rolle i arbeidet med å fremje internasjonal rettferd, og unionen understrekar på nytt si fulle støtte til domstolen. Det er ICCs oppgåve å vurdere alle brotsverk som er gjort i Darfur, uavhengig av kven dei ansvarlege er, i samsvar med Resolusjon 1593 frå FNs tryggingsråd.

EU oppmodar igjen den sudanske regjeringa om å sørgje for at dei som står bak brotsverk i Darfur, ikkje går fri, og ber regjeringa samarbeide med Den internasjonale straffedomstolen, særleg med sikte på å handheve arrestordrane domstolen har skrive ut på Ahmad Harun og Ali Kushayb, i samsvar med dei internasjonale forpliktingane Sudan har etter resolusjonen frå Tryggingsrådet.

EU vil på nytt gje uttrykk for si støtte til UNAMID, som arbeider for fred i Darfur under svært vanskelege tilhøve. EU vil særleg rose dei afrikanske soldatane som har vore utplasserte i dette innsatsområdet sidan 2004, som ein del av AMIS og seinare UNAMID. Unionen heidrar minnet om dei tolv soldatane frå styrken til Den afrikanske unionen, som vart drepne under åtaket på leiren deira i Haskanita.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosierings-prosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.