Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om konflikten i Abyei i Sudan (29.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen er sterkt uroa over opptrappinga av valdsbruken i Abyei i Sudan i det siste. Om det ikkje snarast blir funne ei løysing, kan denne siste krisa bli ein alvorleg trussel mot gjennomføringa av den fullstendige fredsavtalen (CPA) frå 2005.

Den europeiske unionen er sterkt uroa over opptrappinga av valdsbruken i Abyei i Sudan i det siste. Om det ikkje snarast blir funne ei løysing, kan denne siste krisa bli ein alvorleg trussel mot gjennomføringa av den fullstendige fredsavtalen (CPA) frå 2005.

Den europeiske unionen ber partnarane sine i den nasjonale sudanske einskapsregjeringa om straks å stanse alle kamphandlingar, respektere den avtala våpenkvila og sikre full gjennomføring av tryggingsmekanismane som er fastsette i CPA. Dei respektive styrkane bør trekkjast tilbake og dei integrerte felleseiningane utplasserast i Abyei.

Det er først og fremst dei to partane som er ansvarlege for å unngå væpna konfrontasjon og søkje ei fredeleg løysing på alle tvistemål i samsvar med føresegnene i CPA. Den europeiske unionen står parat til å støtte partane i forsøket på dette, ein prosess der dei til fulle bør utnytte vurderings- og evalueringskommisjonen som er oppretta i samsvar med CPA.

Dei valdelege samanstøytane i Abyei har alt drive tusenvis av sivile på flukt og skapt ei alvorleg humanitær krise i området. Det er eit opplagt ansvar for begge sider å verne sivilbefolkninga og unngå at dei humanitære aktørane blir hindra i å nå fram til dei naudlidande.

EU ber om at begge partane må samarbeide fullt ut med UNMIS om overvakings- og kontrolloppgåvene Abyei-regionen og sikre at UNMIS-personell har full og uhindra tilgang til alle område i Abyei og naboregionane.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.


* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.