Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om nye avrettingar i USA (14.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den 2. mai 2008 retta ambassadørane frå Den europeiske unionen i Washington ein appell til dei relevante styresmaktene i staten Georgia om å spare livet til William Lynd. Det er særs nedslåande at appellane om nåde i tilfellet Lynd ikkje vart tekne til følgje, og at ei påfølgjande ankesak ved Georgias høgsterett heller ikkje førde fram.

Den 2. mai 2008 retta ambassadørane frå Den europeiske unionen i Washington ein appell til dei relevante styresmaktene i staten Georgia om å spare livet til William Lynd. Det er særs nedslåande at appellane om nåde i tilfellet Lynd ikkje vart tekne til følgje, og at ei påfølgjande ankesak ved Georgias høgsterett heller ikkje førde fram.

Den europeiske unionen seier seg svært lei for at William Lynd vart avretta i staten Georgia 6. mai 2008.

Denne avrettinga inneber eit brot på moratoriet som i praksis har vore gjeldande i heile USA medan saka Baze mot Rees har vore behandla i USAs høgsterett. Høgsterettsdommen av 16. april 2008 i saka til Baze godkjende at det framleis vert nytta dødelege injeksjonar, slik dette har vore praktisert i staten Kentucky.

EU understrekar på nytt sin mangeårige motstand mot dødsstraff under alle omstende, og går inn for at dødsstraffa vert avskaffa over heile verda, med innføring av eit verdsomspennande moratorium som eit første steg. Vi meiner at ei fjerning av dødsstraffa er grunnleggjande for vernet av den menneskelege sjølvrespekten og for ei gradvis utvikling av menneskerettane.

EU minner om at FNs generalforsamling 18. desember 2007 vedtok ein resolusjon om eit moratorium for bruken av dødsstraff, der alle statar som framleis brukar dødsstraff vert uttrykkeleg oppmoda om å innføre eit moratorium for avrettingar, med det siktemål å avskaffe dødsstraffa.

EU peikar på at alle tilfelle av feil domsavseiing i samband med bruk av dødsstraff inneber eit uoppretteleg tap av menneskeliv. Ikkje noko rettssystem er feilfritt, og det finst ingen påliteleg dokumentasjon på at dødsstraffa har nokon spesiell avskrekkande effekt.

På bakgrunn av at bruken av dødsstraff no dessverre er teken opp att i USA, med avrettinga av William Lynd i staten Georgia, ber Den europeiske unionen innstendig om at det snarast vert innført eit nytt de facto moratorium for bruken av dødsstraff over heile USA, med det siktemål å avskaffe dødsstraffa.

Søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova, Armenia og Aserbajdsjan, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.