Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Republikken Maldivane 8. oktober 2008 (15.10.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen seier seg glad for at det for første gong er gjennomført eit presidentval med fleire kandidatar på Maldivane. Valet, som fann stad etter dei konstitusjonelle endringane i august 2008, representerer ein viktig milestein i den pågåande demokratiske reformprosessen.

EU gratulerer folket på Maldivane med den stort sett fredelege og disiplinerte atmosfæren under avrøystinga 8. oktober. Unionen er imponert over det klare demokratiske engasjementet folk har vist for valprosessen.

Valet vart organisert av den nyleg oppretta valkommisjonen, som er samansett av representantar frå fleire parti, innanfor eit nytt rettsleg rammeverk. Kommisjonen hadde svært kort tid på seg til å organisere prosessen, og trass i ein svært rosverdig innsats i den korte perioden dei hadde til rådvelde, gav dette seg utslag i ein del manglar i prosedyrane på valdagen, særleg med omsyn til feil i manntalslistene, behandling av klager og påfølgjande feilrettings- og kontrolltiltak.

EU håpar at problema som oppstod under den første valomgangen, og særleg problema med manntalslistene, kan løysast snart, slik at alt er klart til den andre og avgjerande valomgangen, som skal haldast 28. oktober.

EU stadfester på nytt sitt engasjement for folket på Maldivane, og er reie til å gje valstyresmaktene teknisk hjelp og støtte også i tida framover, for å støtte overgangen til demokrati i landet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.