Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen for menneskerettane i Syria (19.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU der ein uttrykker uro over situasjonen for menneskerettane i Syria.

Den europeiske unionen er uroa over situasjonen for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane i Syria.

EU fordømmer dei vilkårlege arrestasjonane den siste tida, særleg av menneskeretts­forkjemparar og medlemmer av opposisjonen, og ber om at det vert slutt på denne praksisen. Unionen ber òg om at dei internerte personane straks vert sette fri utan vilkår, og tek opp att sitt ønskje om at alle tiltalte vert sikra ein rettferdig rettargang, i samsvar med internasjonale menneskerettsstandardar og menneskerettsprinsipp.

Den europeiske unionen er òg djupt uroa over restriksjonane på ytringsfridomen, og særleg stenginga av ei lang rekkje Internett-sider.

EU ber Syria om å stå ved dei internasjonale forpliktingane landet av eigen fri vilje har teke på seg, mellom anna innanfor ramma av Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar, som garanterer meinings- og ytringsfridom og retten til å få saka si prøvd i ein upartisk rettsprosess.

Den europeiske unionen vil halde fram med å engasjere seg for ei betring av situasjonen for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane i Syria.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.