Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om det utvida møtet mellom nabolanda til Irak (29.04.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU ser positivt på det utvida ministermøtet mellom nabolanda til Irak som vart halde i Kuwait 22. april, og takkar regjeringa i Kuwait, som var vertskap for denne viktige hendinga.

EU ser positivt på det utvida ministermøtet mellom nabolanda til Irak som vart halde i Kuwait 22. april, og takkar regjeringa i Kuwait, som var vertskap for denne viktige hendinga.

EU stadfester si sterke støtte til nabolandprosessen, og understrekar dei gjensidige fordelane med vidare dialog og samarbeid mellom Irak, nabolanda og det internasjonale samfunnet. Konstruktivt engasjement frå Iraks naboar og partnarar i regionen er framleis avgjerande for å oppnå fred og stabilitet i regionen sett under eitt. Den utvida nabolandprosessen er eit veleigna forum for dialog og samarbeid på regionalt plan. EU forpliktar seg på ny til å gjere sitt for at denne prosessen skal lukkast. Vi oppmuntrar dei tre arbeidsgruppene for flyktningar, tryggingssamarbeid og energi til å gjere ytterlegare framgang når det gjeld teknisk samarbeid.

EU oppmodar alle partnarar i regionen til å medverke til politisk stabilisering og gjenreising i Irak ved å realisere tiltak dei har forplikta seg til gjennom nabolandprosessen og andre mekanismar, til dømes Den internasjonale avtalen med Irak og Det internasjonale gjenreisingsfondet for Irak (IRFFI), og ved å leggje til rette for å diskutere gjeldslette.

Difor ser vi positivt på at Bahrain har vedteke å opne ambassaden sin i Bagdad på ny, og vi oppmodar dei nabolanda som ikkje alt har gjort det, til å utnytte den betra tryggingssituasjonen og forplikte seg til å sende ambassadørar til Bagdad og å opne diplomatiske stasjonar slik at det kan etablerast direkte bilaterale diplomatiske relasjonar. Det internasjonale samfunnet, særleg statane i regionen, har eit ansvar for å støtte og fremje den vanskelege nasjonale forsonings- og stabiliseringsprosessen i Irak, og for å hindre ytre innblanding som kan undergrave denne prosessen. Vi ber dei innstendig om å bruke påverknadskrafta si til å sanke støtte til erklæringa som Det irakiske politiske rådet for nasjonal tryggleik sende ut 6. april.

EU stadfester si støtte til eit trygt, stabilt, demokratisk, framgangsrikt og samla Irak og seier seg på ny forplikta til å arbeide for eit uavhengig, suverent og sameint Irak med full territorial integritet. EU stadfester si støtte til den lovlege, demokratisk valde regjeringa til statsminister al-Maliki og dei demokratisk valde institusjonane i Irak. All hjelp til grupper som angrip Irak og koalisjonsstyrkane og undergrev tryggleiken og stabiliseringa i Irak, er heilt uakseptabel. Vi oppmuntrar til ytterlegare innsats frå Irak og nabolanda for å hindre transitt av utanlandske stridande og våpen til og frå Irak.

EU understrekar si støtte til den sentrale rolla FN/UNAMI spelar i Irak, og oppmuntrar til vidare nært samarbeid mellom UNAMI og dei irakiske styresmaktene om gjennomføringa av tryggingsrådsresolusjon 1770.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.