Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den planlagde avrettinga av Behnoud Shojaee og Saeed Jazee (23.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU er djupt uroa over meldinga om at Behnoud Shojaee og Saeed Jazee, som er dømde til døden for brotsverk dei gjorde seg skyldige i medan dei var mindreårige, snart skal avrettast.

EU er djupt uroa over meldinga om at Behnoud Shojaee og Saeed Jazee, som er dømde til døden for brotsverk dei gjorde seg skyldige i medan dei var mindreårige, snart skal avrettast. 

EU peikar på at desse dødsdommane mot ungdommar er i direkte strid med Den islamske republikken Irans forpliktingar og tilsegner, slik dei uttrykkeleg er slegne fast i Den internasjonale konvensjon om sivile og politiske rettar og i Barnekonvensjonen, som begge klart forbyr avretting av mindreårige eller personar som er dømde for brotsverk dei gjorde seg skyldige i som mindreårige.

EU oppmodar innstendig Den islamske republikken Iran om å rette seg etter folkeretten og stanse avrettingane av Behnoud Shojaee og Saeed Jazee og alle andre unge lovbrytarar som sit på avdelinga for dødsdømde, og vurdere alternative straffer for unge kriminelle.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.