Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dødsdommar i Iran (25.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU er djupt uroa over meldingane om at Mahin Torabi, Saeed Jazee, Amir Amrolahi, Rahim Ahmadi, Mohammadreza Haddadi, Behnood og Ali (berre kjend under dette namnet), som er dømde til døden for brotverk dei gjorde som mindreårige, snart skal avrettast.

EU er djupt uroa over meldingane om at Mahin Torabi, Saeed Jazee, Amir Amrolahi, Rahim Ahmadi, Mohammadreza Haddadi, Behnood og Ali (berre kjend under dette namnet), som er dømde til døden for brotverk dei gjorde som mindreårige, snart skal avrettast.

EU påpeikar at desse avrettingane er eit direkte brot på internasjonale reglar som Den islamske republikken Iran er bunden av, nærmare bestemt FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og FN-konvensjonen om barnerettane, som begge eintydig forbyr avretting av mindreårige eller menneske som er dømde for brotsverk dei har gjort som mindreårige.

EU ber Den islamske republikken Iran innstendig om å etterleve folkeretten og stanse avrettingane av Torabi, Jazee, Amrolahi, Ahmadi, Haddadi, Behnood, Ali og alle andre ungdomsforbrytarar, idet ein tek omsyn til alternative straffereaksjonar for ungdomsforbrytarar og respekten for internasjonale normer og standardar der det er fastsett mekanismar som garanterer rettsvernet for menneske som står overfor dødsstraff.

EU er òg djupt uroa over avrettingsmetodane som blir brukte i Iran, som ikkje oppfyller dei internasjonale standardane for bruk av dødsstraff og bryt med internasjonale menneskerettsreglar som staten Iran er bunden av (mellom anna steining). I denne samanhengen er EU betenkt over at to menn, Tayyeb Karimi og Yazdan, er dømde til døden i Shiraz og snart skal avrettast ved å bli ”kasta utfor ei høgd” eller ”ei klippe”. EU ber Iran innstendig om å stanse desse avrettingane og forplikte seg til ikkje å bruke slike straffereaksjonar i framtida.
 
EU fordømmer den aukande bruken av dødsstraff og avrettingar i Den islamske republikken Iran. På same tid minner EU om sin årelange motstand mot dødsstraff under alle omstende og om at alle justismord der dødsstraff er brukt, utgjer uopprettelege og uomstøytelege tap av menneskeliv. EU er for avskaffing av dødsstraff i alle land og ber Den islamske republikken Iran innstendig om å avskaffe dødsstraffa, om nødvendig ved at landet i første omgang innfører eit moratorium på avrettingar, i tråd med resolusjonen som generalforsamlinga i FN vedtok 18. desember 2007 om moratorium på bruken av dødsstraff.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.