Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Kamerun (27.03.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen følgjer nøye med på diskusjonen om revisjonen av grunnlova, og peikar samtidig på at eventuelle endringar i konstitusjonen må vedtakast av folket og institusjonane i Kamerun.

Den europeiske unionen følgjer nøye med på diskusjonen om revisjonen av grunnlova, og peikar samtidig på at eventuelle endringar i konstitusjonen må vedtakast av folket og institusjonane i Kamerun.

Den europeiske unionen minner om at grunnlova som vart vedteken i 1996, var eit resultat av politisk dialog og eit demokratisk uttrykk for folkeviljen. Unionen strekar under at det er viktig å sjå til at forslaga til grunnlovsrevisjon blir debatterte på breitt, fritt og ope grunnlag blant alle element i det kamerunske samfunnet.

I denne samanhengen er Den europeiske unionen framleis overtydd om at utsikter til eit maktskifte, pressefridom og garanterte offentlege fridommar er grunnleggjande for å konsolidere demokratiet, og han peikar på det presserande behovet for å forbetre valsystemet og valdeltakinga, sidan dette er faktorar som kan tryggje den stabiliteten landet treng.

Den europeiske unionen fordømmer valden som utspelte seg i slutten av februar og forsøka på etnisk manipulasjon som følgde i kjølvatnet. Unionen uttrykkjer på ny støtte til økonomisk og sosial utvikling i Kamerun, særleg orientert mot dei svakaste og mest utsette delane av befolkninga.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.