Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om presidentvalet i Republikken Maldivane den 28. Oktober 2008 (06.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på den vellukka gjennomføringa av det første presidentvalet med fleire kandidatar i Republikken Maldivane.

Vi gratulerer Mohammed Nasheed med valet og hyllar den avtroppande presidenten, Maumoon Abdul Gayoom, for det viktige bidraget han har ytt til den demokratiske reformprosessen, og likeins folket på Maldivane for engasjementet dei har vist for eit demokratisk fleirpartival.

Valet blei gjennomført under opne og fredelege forhold. Etter første valrunden 8. oktober gjorde valkommisjonen og andre statlege styresmakter alt dei kunne for å sikre at flest mogeleg skulle få delta i den andre runden 28. oktober.

EU er svært oppmuntra over at overføringa av presidentmakta innleiingsvis har gått problemfritt føre seg. Den konstruktive, offentlege dialogen avtroppande og påtroppande president alt har ført om desse spørsmåla, er særleg rosverdig.

EU håpar at dei teknisk problema ein støytte på under presidentvalet, kan løysast før valet til lovgivande forsamling, som skal haldast i februar 2009.

EU gjentek si støtte til folket på Maldivane i strevet etter å etablere fullt demokratiske statsinstitusjonar. Unionen står framleis parat til å gi råd og hjelp til valstyresmaktene og å støtte andre initiativ i den demokratiske omlegginga som no går føre seg.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.