Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet til grunnlovgjevande forsamling i Nepal (17.04.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen ser svært positivt på at valet til grunnlovgjevande forsamling den 10. april stort sett gjekk fredeleg og rett føre seg. Vi gratulerer folket i Nepal og valkommisjonen. Etter ti års intern uro og krig har dei vist at dei forpliktar seg til demokratiet og er bestemte på å byggje ei ny framtid. Den 10. april 2008 er ein historisk dag for Nepal.

Dette har vore det mest observerte valet i Nepal nokon gong. I tillegg til Den europeiske unionen og medlemslanda i unionen har Noreg og Sveits spela ei viktig rolle ved å delta i observasjonsprosessen, etter oppmoding frå den nepalske regjeringa.

Den europeiske unionen oppmodar dei politiske partia i Nepal om å respektere folkeviljen og resultata av valet. Det er viktig å oppfylle mandatet dei har fått gjennom valet på grunnlovgjevande forsamling.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.