Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om overføring av makt frå Nigeria til Kamerun i den vestlege delen av Bakassi-halvøya (20.08.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen seier seg glad for maktoverføringa som har funne stad i den vestlege delen av Bakassi-halvøya, frå Nigeria til Kamerun, som markerer slutten på overleveringsprosessen som vart innleidd i 2006.

Den europeiske unionen seier seg glad for maktoverføringa som har funne stad i den vestlege delen av Bakassi-halvøya, frå Nigeria til Kamerun, som markerer slutten på overleveringsprosessen som vart innleidd i 2006.

Den europeiske unionen er tilfreds med den modige avgjerda til Nigeria og Kamerun om å løyse denne territoriale tvisten på fredeleg vis, ved å rette seg etter Den internasjonale domstolens dom av 10. oktober 2002 og innhaldet i Greentree-avtalen av 12. juni 2006.

Den europeiske unionen følgjer nøye med på tryggingssituasjonen i Guinea-bukta og vil gjerne takke FNs generalsekretær og hans representant i Vest-Afrika for deira engasjement i gjennomføringa av Greentree-avtalen, som er eit vellykka eksempel på fredeleg løysing av ein grensetvist. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.