Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om vedtaket i den pakistanske valkommisjonen om å utsetje valet i landet til 18. februar 2008 (07.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU har merkt seg at valkommisjonen i Pakistan har vedteke å utsetje valet i landet til 18. februar. EU gjentek med styrke at det er viktig å halde frie og opne val innan denne nye datoen, som skulle gje rom for ein demokratisk og open valprosess under trygge forhold.

EU har merkt seg at valkommisjonen i Pakistan har vedteke å utsetje valet i landet til 18. februar. EU gjentek med styrke at det er viktig å halde frie og opne val innan denne nye datoen, som skulle gje rom for ein demokratisk og open valprosess under trygge forhold.

EU oppmodar alle involverte partar til å akseptere avgjerda i valkommisjonen på ein verdig og beherska måte og å delta i full monn i vala for å sikre eit reelt demokratisk utfall. EU ber dei pakistanske styresmaktene innstendig om å forbetre valtilhøva i tråd med internasjonale standardar.

På dette stadiet er den samla stabiliteten i landet og vidare framgang på vegen mot demokrati blant dei viktigaste utfordringane Pakistan står overfor. EU held fram med å støtte det pakistanske folket i forsøket på å løyse desse utfordringane. Element som prøver å destabilisere Pakistan, må ikkje få vinne fram.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.