Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om forlenginga av husarresten for Aung San Suu Kyi (04.06.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU ser med stor sorg på at styresmaktene i Burma/Myanmar har vedteke at Daw Aung San Suu Kyi, leiaren for den nasjonale demokratiligaen, framleis skal sitje i husarrest.

EU ser med stor sorg på at styresmaktene i Burma/Myanmar har vedteke at Daw Aung San Suu Kyi, leiaren for den nasjonale demokratiligaen, framleis skal sitje i husarrest.

Det er eit klart brot på internasjonale normer når nobelprisvinnaren no har sete fem år i husarrest utan tiltale, og vore internert i over tolv av dei siste 18 åra.

EU fordømmer òg interneringa av den politiske aktivistgruppa som har kravd lauslating av Daw Aung San Suu Kyi, og ber innstendig om at styresmaktene i Burma/Myanmar må setje fri alle politiske fangar og internerte. Berre ein ekte dialog med alle politiske aktørar kan hjelpe Burma/Myanmar til å oppnå stabilitet og framgang.

Lauslating av Daw Aung San Suu Kyi og andre politisk internerte ville ha vore eit godt høve til å få i gang ein prosess med sikte på nasjonal forsoning og reell omlegging i demokratisk lei, noko Burma/Myanmar no treng meir enn nokon gong.

EU beklagar at styresmaktene i Burma/Myanmar gjennomførte den konstitusjonelle folkerøystinga 10. og 24. mai i eit klima prega av frykt og med resultat som ikkje er truverdige. På dette punktet stadfester Den europeiske unionen konklusjonane sine frå 29. april 2008.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.


* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.