Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om Afghanistan (07.12.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU ser positivt på kunngjeringa frå president Barack Obama om at USA skal auke bidraget sitt, mellom anna i ISAF, som ein del av det vedvarande engasjementet sitt i Afghanistan.

EU ser positivt på kunngjeringa frå president Barack Obama om at USA skal auke bidraget sitt, mellom anna i ISAF, som ein del av det vedvarande engasjementet sitt i Afghanistan.

Denne kunngjeringa kjem på eit tidspunkt med nytt fokus og engasjement frå heile verdssamfunnet. EU står parat til å samarbeide nært med USA og andre delar av verdssamfunnet for å forsøkje å løyse utfordringane i Afghanistan.

EU understrekar at det er nødvendig å ha ei global tilnærming til utfordringane i Afghanistan. For å få ei positiv utvikling krevst det ein kombinasjon av politiske, militære og sivile/utviklingsrelaterte instrument, der hovudmålet må vere at styresmaktene i landet gradvis tek over det fulle ansvaret for stabiliseringa og utviklinga, og at ein får raske og konkrete resultat. EU legg særleg vekt på at det må byggjast opp kapasitet i Afghanistan.

Vidare understrekar EU kor viktig det er med tett og strategisk koordinering av den internasjonale innsatsen under leiing av FNs bistandssendelag i Afghanistan for å hjelpe Afghanistan med den praktiske gjennomføringa av løfta president Hamid Karzai kom med i innsetjingstalen sin.

EU er framleis fast bestemt på å auke og forbetre engasjementet sitt i Afghanistan i samsvar med planen for ein styrkt EU-innsats i Afghanistan og Pakistan, som vart vedteken på møtet i Rådet for  Den europeiske unionen 27. oktober 2009, og stadfestar den strategiske partnarskapen med USA i denne regionen.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.