Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om utnemninga av ei regjering i Moldova (25.09.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU ser positivt på at det er utnemnt ei regjering i Republikken Moldova etter omvalet til parlamentet 29. juli. EU seier seg nøgd med alle dei politiske bidraga til den demokratiske prosessen etter valet og håpar at dette ansvarlege samarbeidet held fram i den politiske utviklinga framover.

EU ser positivt på at det er utnemnt ei regjering i Republikken Moldova etter omvalet til parlamentet 29. juli. EU seier seg nøgd med alle dei politiske bidraga til den demokratiske prosessen etter valet og håpar at dette ansvarlege samarbeidet held fram i den politiske utviklinga framover.

Når ei regjering no er utnemnd, har Moldova teke eit viktig første steg på vegen mot å løyse dei store utfordringane landet står overfor, særleg med tanke på finanskrisa verda er inne i, og gå vidare med reformer. EU står parat til å støtte Moldova i dette arbeidet og stadfestar på nytt ønsket om å utdjupe og styrkje relasjonane med Moldova, blant anna innanfor ramma av den austlege partnarskapen.

EU ser særleg fram til å starte nye forhandlingar så snart som mogeleg om ein avtale med Moldova som skal erstatte og gå lenger enn den gjeldande partnarskaps- og samarbeidsavtalen. I denne samanhengen seier EU seg glad for avgjerda om å avskaffe endringane i den moldoviske visumpolitikken som vart innførde i april, slik at alle EU-borgarar er sikra likebehandling.

EU oppmodar på nytt alle politiske aktørar om å ta del i ein konstruktiv politisk dialog for å fullføre den politiske prosessen etter valet, særleg ved å velje ein ny president.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.