Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om "parlamentsvalet" i Sør-Ossetia/Georgia (02.06.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU er merksam på at det fann stad eit ”parlamentsval” i regionen Sør-Ossetia i Georgia 31. mai 2009. EU godtek verken lovgrunnlaget for ”valet” eller resultatet av det.

EU er merksam på at det fann stad eit ”parlamentsval” i regionen Sør-Ossetia i Georgia 31. mai 2009. EU godtek verken lovgrunnlaget for ”valet” eller resultatet av det.

Det er lovstridig å halde eit slikt val, og dette er eit tilbakeslag for arbeidet med å finne ei fredeleg og varig løysing på situasjonen i Georgia. EU understrekar på nytt si faste støtte til Georgias suverenitet og territoriale integritet innanfor dei internasjonalt godkjende grensene.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.