Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Afghanistan (24.08.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen gratulerer Afghanistan med gjennomføringa av det andre president- og provinsvalet etter den demokratiske grunnlova av måneåret 1382 (2004).

Den europeiske unionen gratulerer Afghanistan med gjennomføringa av det andre president- og provinsvalet etter den demokratiske grunnlova av måneåret 1382 (2004).

At det var det første valet som vart halde av afghanske styresmakter på tre tiår, gjer det til ein viktig milestein for demokratiet i Afghanistan.

Den europeiske unionen seier seg lei for tapet av liv, men hyllar det personlege motet og forpliktinga til demokrati hjå alle dei afghanarane som i går, under utfordrande tilhøve, deltok i styringa av landet sitt. EU rosar vidare innsatsen til dei afghanske og internasjonale tryggingsstyrkane, som medverka til at valet kunne haldast.

I nært samarbeid med tusenvis av afghanske valobservatørar vil Den europeiske unionens valobservasjonsgruppe (EOM) halde fram med uavhengig overvaking av valprosessen.

EU ser fram til å lære av EOMs førebelse funn, men ber framleis dei afghanske styresmakter innstendig om å halde fram i samsvar med internasjonale valstandardar og i openskap og oppmodar alle involverte interessentar til å framleis respektere valprosessen og fremje nasjonal einskap og stabilitet i Afghanistan.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.