Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om representant-husets vedtak av lova om humanitære organisasjonar og foreiningar i Den føderale demokratiske republikken Etiopia (02.02.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU har merkt seg at representanthuset i Etiopia har vedteke ei erklæring om humanitære organisasjonar og foreiningar, som har som føremål å sikre at sivilsamfunnet og sivilsamfunnets organisasjonar opererer på ein ansvarleg, effektiv og open måte.

EU har merkt seg at representanthuset i Etiopia har vedteke ei erklæring om humanitære organisasjonar og foreiningar, som har som føremål å sikre at sivilsamfunnet og sivilsamfunnets organisasjonar opererer på ein ansvarleg, effektiv og open måte.

EU seier seg nøgd med den grundige meiningsutvekslinga unionen hadde med regjeringa i Den føderale demokratiske republikken Etiopia om utkastet til erklæringa, og set pris på at nokre av dei innvendingane unionen hadde til utkastet, er tekne til etterretning. Sentrale element i lova er likevel uendra, særleg avsnitta om utanlandsk finansiering og sosiale aksjonar.

Regjeringa i Den føderale demokratiske republikken Etiopia har erklært at denne nye lova ikkje på nokon måte vil hindre arbeidet til det store fleirtalet av sivilsamfunnsorganisasjonar og frivillige organisasjonar som opererer i landet, og at det fullt ut er teke omsyn til det positive bidraget frå desse organisasjonane til den økonomiske og sosiale utviklinga. Lova kan likevel potensielt medføre ei innskrenking av operasjonane til sivilsamfunnsorganisasjonar og redusere bidraga frå internasjonale partnarar til den etiopiske regjeringas prioriterte utviklingstiltak.

EUs medlemsland støttar ei rekkje frivillige organisasjonar i Etiopia, og den nye lova kan difor få negative verknader for utviklingssamarbeidet. EU er særleg uroa for at den nye lova skal føre til redusert støtte til program på område som er av felles interesse, som for eksempel utvikling av demokrati og godt styresett, menneskerettar, konfliktløysing og betring av vilkåra for kvinner og born og andre utsette grupper.

EU håpar at lova vil verte handheva på ein open og konstruktiv måte, som gjer det mogeleg å drive utdannings- og opplysningsverksemd, og som balanserer behovet for regulering opp mot behovet for ei kontinuerleg utvikling av eit sterkt, frivillig basert sivilsamfunn i Etiopia. I den samanhengen minnest EU med glede at regjeringa i Den føderale demokratiske republikken Etiopia og Etiopias lovgjevande organ vedtok Det afrikanske charteret om demokrati, val og godt styresett som det andre landet på kontinentet, og med det sette eit svært godt eksempel for utviklinga av demokratiske prosessar i andre afrikanske land.

EU vil, med tanke på den viktige rolla sivilsamfunnet spelar i alle land, følgje nøye med på implementeringa av den nye lova og kva verknader ho får. EU er reie til å inngå eit konstruktivt samarbeid med regjeringa i Etiopia og etiopiske sivilsamfunnsorganisasjonar.

Søkjarlandet Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids-området, samt Ukraina og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.