Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen om valet i Bolivia (11.12.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU gratulerer president Evo Morales med attvalet, og det bolivianske folket med den svært høge valdeltakinga 6. desember og med at dei på nytt har synt tillit til demokratiske mekanismar som eit middel for å vidareføre reformprosessen.

EU gratulerer president Evo Morales med attvalet, og det bolivianske folket med den svært høge valdeltakinga 6. desember og med at dei på nytt har synt tillit til demokratiske mekanismar som eit middel for å vidareføre reformprosessen.  

EU gjentek at unionen er villig til å støtte reformene til beste for heile landet som vart iverksette i den første presidentperioden til Morales, og håpar å styrkje samarbeidet og den gjensidige forståinga i den komande perioden.  

Når det gjeld gjennomføringa av føresegnene i grunnlova som vart offentleggjort i februar 2009, oppmodar EU alle politiske aktørar om å ta del i ein konstruktiv dialog for å sikre samhaldet i landet og styrkje institusjonane som har ansvar for rettsvesenet og konstitusjonelle saker. 

EU vil særleg få uttrykkje takksemd overfor den nasjonale valdomstolen, som har gjort eit svært viktig arbeid for å sikre at valet gjekk rett føre seg. EU har vore spesielt merksam på kvaliteten i valprosessen takka vere valobservatørsendelaget som var på staden. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.