Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utviklinga i Fiji den seinare tida (17.04.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU seier seg svært uroa over utviklinga i Republikken Fijiøyane etter avgjerda 10. april 2009 om å oppheve grunnlova.

EU seier seg svært uroa over utviklinga i Republikken Fijiøyane etter avgjerda 10. april 2009 om å oppheve grunnlova. EU oppmodar dei relevante partane i Fiji om å følgje tilsegnene dei tidlegare har gitt til EU og til verdssamfunnet om å arbeide for at Fiji snarast råd skal vende tilbake til fullt demokrati.

EU uttrykkjer uro over situasjonen for vanlege borgarar frå ulike samfunnsgrupper og legg stor vekt på at grunnlova til Republikken Fijiøyane skal respekterast. EU oppmodar dei politiske leiarane og alle andre aktørar om å handle i samsvar med prinsippa om demokrati, eit uavhengig rettsvesen og mediefridom. Det er òg viktig for Fiji at det vert halde demokratiske val så snart som mogeleg.

EU strekar under at det trengst ein ærleg, inkluderande og open dialog med alle relevante partar. EU stadfester avgjerda av 1. oktober 2007 som seier at det i samsvar med artikkel 8 i Cotonou-avtalen skal førast ein styrkt politisk dialog med Fiji for å sikre at menneskerettane og rettsstaten vert respekterte og demokratiet gjenoppretta, heilt til begge partar er samde om at målet med denne dialogen  er nådd.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, det potensielle søkjarlandet Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.