Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om straffeforfølginga av Liu Xiaobo (26.06.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU-formannskapet om straffeforfølginga av Liu Xiaobo.

EU er djupt uroa over kunngjeringa om at Liu Xiaobo, ein framtredande menneskerettsaktivist som har underteikna Charter 08-dokumentet, og som har vore internert sidan 8. desember 2008, formelt er sikta for eit brotsverk etter å ha uttrykt meiningane sine og engasjert seg fredeleg for borgarrettane.

EU ser på skuldingane om "tilskunding til å undergrave statsmakta og velte det sosialistiske systemet" som grunnlause. I lys av garantiane i den kinesiske grunnlova om rett til ytringsfridom, og i samsvar med føresegnene i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, oppmodar EU om at straffeforfølginga av Liu Xiaobo må avbrytast, og om at han må setjast fri med det same.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.