Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om ytringsfridom i Gambia (10.08.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen har følgt nøye rettssaka mot dei seks gambiske journalistane som er skulda for oppviglerske og ærekrenkjande publikasjonar, og har merka seg dommen og straffene som journalistane vart dømde til.

Den europeiske unionen har følgt nøye rettssaka mot dei seks gambiske journalistane som er skulda for oppviglerske og ærekrenkjande publikasjonar, og har merka seg dommen og straffene som journalistane vart dømde til.

EU er uroa over dei strenge straffene og den negative verknaden av desse rettsforfølgingane på ytringsfridomen i Gambia. EU stadfestar synspunkta som vart uttrykte i den lokale fråsegna frå EU-formannskapet som vart presentert for gambiske styresmakter 26. juni 2009.

Retten til å uttrykkje seg fritt er grunnleggjande for demokratiet og ein fundamental rett som er nedfelt i Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og i Den afrikanske pakta om menneskerettar og folka sine rettar, som Gambia som stat er part i.

EU ber innstendig Gambia om å ta omsyn til denne uroa og å handle i samsvar med skyldnadene sine når det gjeld internasjonale menneskerettar, og i samsvar med traktatskyldnadene sine, dersom nokon av sakene vert anka.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.