Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om seksuelle overgrep på og valdtekt av kvinner i Muzenze-fengselet i Goma, 21.-22. juni 2009 (30.06.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om seksuelle overgrep på og valdtekt av kvinner i Muzenze-fengselet i Goma, 21.-22. juni 2009.

EU har med stor uro merkt seg opprøret som fann stad i Muzenze-fengselet i Goma natta mellom 21. og 22. juni, der 20 kvinnelege fangar vart utsette for seksuelle overgrep og valdtekt, i tillegg til at ei vakt vart drepen og fleire fangar vart skadde.

EU ber om at ofra for opprøret får tilstrekkeleg medisinsk og psykologisk støtte, særleg kvinnene som vart valdtekne, og barna som var til stades. EU tek òg til orde for at gjerningsmennene må få passande straffer, og det må vurderast nøye om dei skal sendast ut av Nord- og Sør-Kivu. Tryggleiken til ofra må kome først.

EU er svært uroa over den omfattande seksualiserte valden i Den demokratiske republikken Kongo (DRC), særleg i Nord- og Sør-Kivu og Ituri. Den seksualiserte valden vert forverra av at gjerningsmennene bak desse brotsverka svært ofte går ustraffa. Kvinner og jenter er mest utsette, og det er spesielt hjarteskjerande at ofra i over halvparten av dei rapporterte tilfella er småjenter. Omfanget av og brutaliteten i den seksualiserte valden som kvinner og jenter i DRC no står overfor, er på linje med krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta.

EU oppmodar den kongolesiske regjeringa om å setje søkjelyset på kampen mot seksualisert vald og mot straffridom for gjerningsmennene. Tryggleiken i fengsla gjev særleg grunn til uro og må styrkjast, spesielt for innsette kvinner og mindreårige. Dei som er dømde for seksualbrotsverk og andre brot på menneskerettane, må fjernast frå stillingane dei måtte ha i den kongolesiske tryggleikssektoren, særleg i dei væpna styrkane (FARDC) og det nasjonale politiet.

I desember 2008 vedtok EU retningslinjer om vald mot kvinner og jenter og kamp mot alle former for kvinnediskriminering, noko som syner at EU har klar politisk vilje til å prioritere kvinnerettane. EU støttar dessutan arbeidet med å få gjennomført tryggingsrådsresolusjon 1325 og 1820 om kvinner, fred og tryggleik.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.