Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter opninga av rettssaka mot Thomas Lubanga ved Den internasjonale straffedomstolen i januar 2009 (28.01.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU seier seg nøgd med at rettssaka mot Thomas Lubanga tok til ved Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag 26. januar 2009. Denne første rettsprosessen ved ICC utgjer eit svært viktig steg i kampen mot straff-fritak for dei alvorlegaste brotsverka, og i kampen for rettferd for ofra for slike brotsverk i Den demokratiske republikken Kongo (DRC).

Denne rettssaka er òg svært viktig fordi ho er den første rettssaka ved ein internasjonal domstol der bruken av barnesoldatar, definert som personar under 15 år, vert rettsleg forfølgt som eit krigsbrotsverk.

Den europeiske unionen er fast bestemt på å arbeide for å førebyggje brotsverk som vekkjer uro internasjonalt, og gjere slutt på at dei som er ansvarlege for slike brotsverk, slepp straff. 

EU oppmodar dei kongolesiske styresmaktene om å vidareføre det gode samarbeidet med Den internasjonale straffedomstolen, og ber ICC om å halde fram med å sørgje for at den lokale befolkninga i DRC vert tilbørleg informert om domstolens arbeid.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.