Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om trugsmåla om utkasting frå hus i Aust-Jerusalem (23.03.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om utkasting frå hus i Aust-Jerusalem.

EU er djupt uroa over at det er sendt varsel om utkasting til familiane al-Rawi og Hanoun i Aust-Jerusalem. Desse varsla følgjer etter andre ordrar nyleg som verkar negativt inn på situasjonen til palestinarane som er busette i Aust-Jerusalem, og saman med den auka busetjingsverksemda i Aust-Jerusalem truar dette sjansane for fred ytterlegare. Vi har teke desse spørsmåla opp med den israelske regjeringa, og vi oppmodar Israel om snarast å kalle attende varsla om utkasting og dessutan la al-Kurd-familien flytte attende til heimen sin.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.