Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dei nasjonale vala i Malawi (26.05.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU er glad for at president- og parlamentsvala i Malawi, som vart haldne 19. mai 2009, gjekk fredeleg føre seg og var godt førebudde. EU gratulerer det malawiske folket med at så mange møtte opp og gjorde dette til ein god dag for demokratiet i Malawi.

EU er glad for at president- og parlamentsvala i Malawi, som vart haldne 19. mai 2009, gjekk fredeleg føre seg og var godt førebudde. EU gratulerer det malawiske folket med at så mange møtte opp og gjorde dette til ein god dag for demokratiet i Malawi.

EU ser positivt på den aktive rolla Den afrikanske unionen (AU) har spelt for å sikre frie, rettferdige, truverdige og fredelege val gjennom sendelag på høgt nivå under leiing av Joaquim Alberto Chissano, tidlegare president i Republikken Mosambik, og John Kufuor, tidlegare president i Republikken Ghana. Arbeidet deira førte til at erklæringa om dialog mellom dei malawiske politiske partia vart underteikna 13. mars 2009 av dei viktigaste kandidatane i presidentvalet. I tillegg sende AU ei gruppe valobservatørar som vart leidd av Tejan Kabbah, tidlegare president i Republikken Sierra Leone.

EU seier seg glad for at EUs valobservatørar og andre valobservatørkorps har konkludert med at vala så langt har gått føre seg i eit klima der grunnleggjande rettar som forsamlings- og ytringsretten og retten til fri rørsle stort sett er respekterte, noko som garanterer for den allmenne stemmeretten. EU merkjer seg likevel at det har vore nokre manglar, ikkje minst når det gjeld lik tilgang til statlege medium for dei politiske partia.

EU er glad for at unionen har kunna gje eit reelt bidrag til arbeidet til valkommisjonen under førebuinga av desse vala. EU gratulerer valkommisjonen med eit godt gjennomført val trass i dei mange praktiske utfordringane kommisjonen sto overfor.

EU er klar til å fortsetje samarbeidet med valkommisjonen for å løyse kapasitetsproblema som framleis finst. EU oppmodar valkommisjonen, regjeringa, dei politiske partia og andre interesserte partar til å arbeide vidare med å forbetre situasjonen, slik at Malawi i framtida kan oppfylle tilsegnene landet har gjeve om å følgje internasjonale og regionale standardar for val. Dette gjeld særleg å gje lik tilgang til statlege medium, å avstå frå å bruke statlege ressursar til valkamp og å sikre like vilkår i valkampen.

EU ser fram til å samarbeide med både den nye regjeringa og det nye parlamentet til beste for folket i Malawi.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og  Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).