Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Maputo-avtalen på Madagaskar (12.08.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen seier seg glad for resultatet den 9. august 2009 av Maputo-toppmøtet på Madagaskar mellom dei fire politiske rørslene under leiing av den felles meklingsgruppa for Madagaskar, som omfattar m.a. Den afrikanske unionen, Organisasjonen for utviklingssamarbeid i det sørlege Afrika, Dei sameinte nasjonane og Den internasjonale organisasjonen for den fransktalande verda.

Den europeiske unionen oppmodar dei fire politiske rørslene til å framleis byggje på Maputo-konsensusen for å sikre snarleg gjennomføring av ein nøytral, fredeleg og konsensuell overgangsprosess som fører til opne val og atterreising av den konstitusjonelle ordenen i Madagaskar.

Den europeiske unionen støttar framleis den felles meklingsgruppa for Madagaskar i gruppa sitt arbeid for å fremje fred, demokratisk stabilitet og velstand i Madagaskar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.