Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Mauritania (23.07.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge har slutta seg til ei EU-erklæring om valet i Mauritania.

EU seier seg glad for at det vart halde presidentval i Mauritania 18. juli. Valet er eit sentralt element i den samrøystes Dakar-avtalen, som utgjer ramma for at Mauritania skal kunne vende attende til  det grunnlovsfesta styresettet. EU understrekar at det er nødvendig å halde fram med ein inkluderande nasjonal dialog.

EU merkjer seg at valet ifølgje internasjonale observatørar har funne stad under rolege forhold, utan større hendingar. Påstandar om valfusk må undersøkjast grundig og avklarast av dei rette mauritanske institusjonane i samsvar med nasjonal lovgjeving og internasjonale standardar. EU ser fram til at valet vert endeleg godkjent av forfatningsrådet før unionen vurderer resultata av valet.

EU oppmodar alle partar i Mauritania om å støtte det vidare arbeidet med å vende tilbake til den demokratiske prosessen som vart avbroten med kuppet for eit år sidan, og slik bane veg for ei normalisering av relasjonane mellom EU og Mauritania.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.