Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapen på vegner av Den europeiske unionen i høve 20-årsdagen for vedtakinga av den andre frivillige protokollen til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR) om avskaffing av dødsstraff (15.12.09)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU minner i dag om vedtakinga 15. desember 1989 av den andre frivillige protokollen til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, om avskaffing av dødsstraff.

EU minner i dag om vedtakinga 15. desember 1989 av den andre frivillige protokollen til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, om avskaffing av dødsstraff. 

Protokollen er ein viktig milestein på vegen mot at dødsstraff vert avskaffa i heile verda, ei sak som EU har slutta opp om med fast politisk overtyding, og som utgjer eit integrert mål i menneskerettspolitikken. 

Vedtakinga av EU-retningslinjene om dødsstraff i 1998 og den regionovergripande FN-resolusjonen som oppmodar om innføring av eit moratorium på bruk av dødsstraff, som først vart vedteken i 2007, vitnar om innsatsen EU gjer for å få avskaffa dødsstraffa, i nært samarbeid med land over heile verda. 

EU er fast overtydd om at avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og den gradvise utviklinga av menneskerettane, og oppmodar regjeringane i alle land som framleis har dødsstraff, om å arbeide for å avskaffe dødsstraff i alle samanhengar. 

I høve 20-årsdagen for den andre frivillige protokollen til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar oppmodar EU alle statar som har ratifisert ICCPR, om å ratifisere og fremje protokollen. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.