Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av EU om den georgiske strategien for Abkhasia og Sør-Ossetia (11.03.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU merkjer seg Georgias statsstrategi for okkuperte territorium: engasjement gjennom samarbeid, som vart godkjend av den georgiske regjeringa 27. januar i år. EU ser positivt på at Georgia forpliktar seg til å løyse konflikten utelukkande med fredelege middel og diplomatisk innsats.

EU merkjer seg Georgias statsstrategi for okkuperte territorium: engasjement gjennom samarbeid, som vart godkjend av den georgiske regjeringa 27. januar i år. EU ser positivt på at Georgia forpliktar seg til å løyse konflikten utelukkande med fredelege middel og diplomatisk innsats.

EU ønskjer haldninga i initiativet velkomen som eit konstruktivt steg på vegen mot å dempe spenningar, byggje tillit og strekkje ut ei hand til innbyggjarane i Abkhasia og Sør-Ossetia.

Vi oppmodar regjeringa i Georgia til å rådføre seg med alle interesserte partar om utarbeidinga av ein handlingsplan for gjennomføringa av strategien. EU ser positivt på at den georgiske regjeringa tek sikte på å utarbeide ei statusnøytral ramme for dialog med styresmaktene som har kontroll over Abkhasia og Sør-Ossetia, og oppmodar alle partar til å få på plass denne ramma snarast råd. Georgia må prioritere høgt å sikre at relevante lover og forskrifter, mellom anna lova om okkuperte territorium og gjennomføringa av denne lova, vert endra slik at dei er i tråd med synspunkta frå Venezia-kommisjonen i denne saka.

Endeleg understrekar EU på ny si faste støtte til tryggleiken og stabiliteten i Georgia, basert på full respekt for prinsippa om sjølvråderett, suverenitet og territorial integritet, slik dei er stadfeste i folkeretten.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Aserbajdsjan sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.