Historisk arkiv

Erklæring frå EU om menneskerettar i DR Kongo (06.10.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg slutta seg 6. oktober til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om menneskerettar i DR Kongo.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om rapporten frå FNs høgkommissær for menneskerettar om kartlegging av dei mest alvorlege brota på menneskerettane og internasjonal humanitær rett som fann stad på territoriet til Den demokratiske republikken Kongo mellom mars 1993 og juni 2003 (061010)

EU merkjer seg at FNs høgkommissær for menneskerettar (OHCHR) 1. oktober offentleggjorde rapporten om alvorlege brot på menneskerettane og internasjonal humanitær rett i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) i perioden 1993–2003.

EU ser på rapporten som eit ytterlegare bidrag i den internasjonale kampen mot straffridom for brot på menneskerettane. EU minner om at unionen er fast bestemt på å støtte arbeidet med å førebyggje brotsverk som krenkjer menneskerettane og humanitærretten, og at dei som står bak slike brotsverk, må haldast ansvarlege.

EU merkjer seg kommentarane frå DRC, Rwanda, Burundi, Uganda og Angola som er offentleggjorde av OHCHR, og meiner at dei må takast opp til vurdering.

EU takkar OHCHR for arbeidet med rapporten og oppmodar om at han må følgjast opp på passande vis på linje med den breiare innsatsen for å få slutt på straffridom i DRC og i regionen, mellom anna med tanke på eit eventuelt rettsoppgjer.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet,  Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Erklæringa lesast på EU sine nettsider.