Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen for menneskerettsforkjemparar i Nord-Kaukasus (15.07.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU uttrykkjer uro over dei stadige brota på menneskerettane i Nord-Kaukasus og forverringa av situasjonen for menneskerettsforkjemparar i regionen, slik det òg kjem fram i rapporten frå Dick Marty (parlamentarikarforsamlinga i Europarådet) om brot på menneskerettane i Nord-Kaukasus, eitt år etter mordet på Natalia Estemirova frå den frivillige organisasjonen Memorial..

EU er uroa over truslane som nyleg er sette fram mot Memorial og klagemåla som er retta mot direktøren i organisasjonen, Oleg Orlov.

EU minner om kor viktig det er å verne om menneskerettsforkjemparar i Russland og resten av verda og å la dei utøve verksemda si fritt i samsvar med erklæringa frå FNs generalforsamling om menneskerettsforkjemparar, som vart vedteken i 1998.

EU oppmodar på det sterkaste styresmaktene i Den russiske føderasjonen om å få slutt på tradisjonen for straffridom og på frykta som rådar i Nord-Kaukasus generelt og i Tsjetsjenia spesielt, og unionen håpar at det raskt vil kome resultat frå granskinga av mordet på Natalia Estemirova – slik president Medvedev erklærte etter mordet – og andre menneskerettsforkjemparar i Den russiske føderasjonen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.