Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Malawi (21.05.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettane til LHBT-personar i Malawi.

Erklæring frå den høge representanten, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om menneskerettane til LHBT-personar i Malawi.

EU uttrykkjer uro over homofobi og diskriminering på grunn av seksuell orientering i Malawi og minner om at ikkje-diskrimineringsprinsippet er nedfelt i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (ICCPR), som regjeringa i Malawi har vore part i sidan 1993. FNs menneskerettskomité har stadfesta at dette prinsippet omfattar forbod mot diskriminering på grunn av seksuell orientering. Ikkje-diskrimineringsprinsippet er ein del av grunnlaget for ICCPR, den afrikanske pakta om menneskerettane og folks rettar og verdserklæringa om menneskerettane.

EU oppmodar regjeringa i Malawi om å rette seg etter forpliktingane sine etter internasjonal menneskerettslovgjeving og om å vise vilje til å fremje og verne menneskerettane til alle personar uavhengig av seksuell orientering, mellom anna ved å endre lovgjevinga slik at homofili vert avkriminalisert og diskriminering på alle grunnlag vert forbode. Slik vil den nasjonale lovgjevinga i Malawi verte i samsvar med dei internasjonale forpliktingane til landet.

I denne samanhengen uttrykkjer EU djup uro over saka som gjeld Tiwonge Chimbalanga Kachepa og Steven Monjeza Soko, som 20. mai vart idømde maksimumsstraffa på 14 års fengsel for grov umoral og unaturlege handlingar av ein malawisk domstol, på grunn av den seksuelle orienteringa deira. EU meiner at tiltaka som er gjorde, er i strid med internasjonale forpliktingar på menneskerettsområdet.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU (PDF).