Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Sør-Kordofan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 16. august til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om den vedvarande valden i Sør-Kordofan.

Erklæring frå den høge representanten for utanriks- og tryggleikspolitikk, Catherine Ashton, på vegner av Den europeiske unionen om den vedvarande valden i Sør-Kordofan (100811)

EU er framleis svært uroa over dei vedvarande kampane i Sør-Kordofan og urovekkjande rapportar om omfattande brot på menneskerettane. Dei to siste månadane har desse kampane ført til at titusenvis av menneske har måtta forlate heimane sidan, og eit ukjend tal på sivile er drepne.

EU ser alvorleg på rapportar frå FN og andre kjelder om målretta summariske og utanomrettslege avrettingar, vilkårlege arrestasjonar og fengslingar, tvangsfordriving og vilkårleg maktbruk, mellom anna gjennom luftbombing av sivile område. Desse handlingane må stoppast med det same, og rapportane om brot på menneskerettane må undersøkjast grundig av FNs høgkommissær for menneskerettar. EU oppmodar alle partar om straks å gje tilgang til menneskerettsovervaking og menneskerettsundersøkingar.

EU oppmodar partane om å verte samde om å stanse krigshandlingane straks og utan vilkår, sørgje for vern av sivilbefolkninga og gje full og uhindra humanitær tilgang for alle dei som treng det.

EU oppmodar òg partane om å ta opp att den politiske dialogen for å løyse dei underliggjande årsakene til konflikten, slik dei vart samde om i rammeavtalen som vart underteikna av den sudanske regjeringa og SPLM (nord) i Addis Abeba 28. juni.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.