[Pressemelding, Kommunal- og regionaldepartementet, 07.05.2013]
- I ei tid med høge leigeprisar og ein pressa bustadmarknad, er det viktig å hjelpe dei som sit nedst ved bordet. Regjeringa gjer difor framlegg om å auke ramma for tilskot til utleigebustader med 33,3 millionar kroner i revidert budsjett for 2013, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.