Historisk arkiv

Årsmøte i Det Norske Samlaget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Ellen Horn

Årsmøte i Det Norske Samlaget


Det Norske Teatret, Oslo, 21. april 2001

Gode møtelyd,
kjære årsmøtedeltakarar!

La meg først få gratulere Samlaget med prisen for barnebøker som nettopp er delt ut.

Språket er utan tvil vår fremste kulturberar.

Språket i litterær bruk – i tale eller skrift – i fiksjon eller sakprosa – er det mest finstemte instrumentet vi har for meiningsmetta og kjenslevar kommunikasjon mellom menneske.

Språk og litteratur er som fot og hose, som hand og hanske.

Norsk språk og litteratur representerer sjølve grunnlaget for den kulturarven og den identiteten som det kjennest naturleg for oss nordmenn å slå vakt om.

Nynorsk språk og litteratur er den eine av dei to berebjelkane som den norske felleskulturen kviler på. Sviktar denne bjelken, ja da har vi ikkje lenger ein komplett kultur med fast forankring i vår historiske arv. Da sit vi att i redusert skapnad, som etter ein gjennomført amputasjon.

Ein slik svikt vil knapt nok kunne skje så lenge vi har institusjonar som Det Norske Samlaget. Eit leiande kulturforlag med nynorsk bokutvikling og bokutgiving som viktigaste formål er kanskje den aller viktigaste føresetnaden for å halde oppe ein levande nynorsk skriftkultur inn i ein tidsalder der marknadsbaserte fleirtalskulturar av ymse slag vinn stadig fleire føremoner i kjølvatnet av internasjonaliseringa og den teknologiske utviklinga.

Det er difor ei stor glede for meg som kulturminister å få helse årsmøtet i Det Norske Samlaget i dag. Eg vil takke for innsatsen i året som gjekk og ønskje framgang i arbeidet med dei mange utfordringane som trengjer seg på i den kulturkampen som det vel eigentleg må vere – det å drive eit forlag med eit så spesifikt profilert program som eg oppfattar at Det Norske Samlaget har.

Det Norske Samlaget er eit forlag som i profesjonalitet og i open tevling på bokmarknaden kan måle seg med dei fremste og beste forlaga vi elles har her i landet. Det er òg ein institusjon som er grunnfest i ein europeisk kulturtradisjon, med uttalte ambisjonar om å vere eit forlag med ei klar internasjonal orientering. Det er likevel den nøkkelposisjonen Samlaget har i norsk kulturliv, som den fremste fødselshjelparen og garantisten for ein levande nynorsk skriftkultur, - det er naturleg nok denne funksjonen eg er særleg oppteken av sett frå ein kulturpolitisk synsvinkel.

Rett nok kunne vi ønskt oss at Samlaget ikkje hadde hatt ein så dominerande posisjon på den nynorske bokmarknaden, - at det hadde vore fleire forlag som tok eit større ansvar for å ivareta heilskapen i norsk bokheim, og i det vi reknar som den norske felleskulturen. Men når så ikkje er tilfelle, blir det ikkje mindre viktig å leggje til rette for at Samlaget har rammevilkår som gjer det lettare å skjøtte det særskilde ansvaret som denne institusjonen har.

At Samlaget er ein uavhengig kulturinstitusjon og ei kommersiell forlagsverksemd, hindrar ikkje at det samstundes framstår som eit instrument i den statlege kulturpolitikken. Det årlege tilskotet til drifta som blir løyvd over det statlege kulturbudsjettet, er eit uttrykk for ei statleg erkjenning av den funksjonen Det Norske Samlaget har som ein basisinstitusjon for nynorsk språk og litteratur. Vi kan berre spekulere i kva som vart følgjene for den norske felleskulturen dersom vi vakna ein dag og oppdaga at Samlaget ikkje lenger fanst. Ja, på mange vis framstår Det Norske Samlet i dag som ein av dei kulturinstitusjonane i landet som vi aller minst kunne unnvere.

Denne utsegna må likevel ikkje oppfattast som uttrykk for at staten tek på seg ansvaret for Samlagets liv og helse i åra som kjem, like lite som vi har gjort det til no. Det vil framleis vere slik at dei eksistensielle utfordringane som forlaget har å stri med, først og fremst krev eit vake auge i forlagsleiinga sjølv – eit vake auge for nye trendar og tendensar på bokmarknaden, og ei stadig tilmåling av verksemda til teknologiske og strukturelle utviklingstrekk i samfunnet elles.

At forlaget så i tillegg utviklar idear og planar som også blir lagde fram for departementet, mellom anna i dei årlege budsjettsøknadene, ja det er uttrykk for ei kulturpolitisk initiativevne og ansvarskjensle som vi er avhengige av finst der – sjølv om det oftast berre er ein mindre del vi maktar å ta eit statleg medansvar for. Slik er no eingong dramaturgien på den scena som politikarar og byråkratar dansar på.

Eg er i alle fall glad for at det no er funne fram til ei løysing for å få i gang ein nynorsk barnebokklubb. Dette kan vise seg å bli ei overlag viktig investering for framtida. Det er eit tiltak med utprega strategisk preg.

Eg byrja denne talen med språket i litteraturen – med språket og litteraturen. Eg vil no vri litt på perspektivet - eg vil konsentrere meg om språk og språkpolitikk – ja vi kunne gjerne seie om språket i samfunnet.

Departementet arbeider no med å førebu to nye stortingsmeldingar, ei generell kulturmelding, som etter planen skal leggjast fram i 2002, og ei melding om målbruk i offentleg teneste, som skal fram til hausten.

Utgangspunktet for den generelle kulturmeldinga er ein merknad frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i Stortinget i budsjettinnstillinga for 2000. Komiteen peikte der på behovet for ei meir overordna og prinsipiell drøfting av dei kulturpolitiske utfordringane i Noreg. Og så sa komiteen: Det bør her leggjast særleg vekt på presset på norsk kultur og språk som følgje av auka globalisering og teknologisk utvikling, men også dei fordelar norsk kulturliv kan oppnå i eit opnare internasjonalt samfunn og dei bidraga norsk kulturliv kan yte overfor kulturinstitusjonar og brukarar av kulturtilbod i andre land.

Sjølv om det her ikkje er nytta så mange orda, set likevel denne komitemerknaden språket - det norske språket – øvst oppe på den kulturpolitiske dagsordenen. Eg våger den påstanden at der har ikkje språket stått på nokså lenge. Ein aktiv språkdebatt – ja det har vi så menn hatt her i landet, dersom vi går litt tilbake i tida. Og enno blussar det av og til opp i nokre glør frå den tradisjonelle norske språkstriden. Den striden hadde mange sider, ikkje alle var like fruktbare, og språkfred vart etter kvart eit påtrengjande krav - etter intense periodar da ein fekk kjensla av at landet nærmast stod på randa av ein kulturpolitisk borgarkrig. Eg har aldri lagt skjul på at mitt språklege ståsted var riksmål – men det gjer meg ikkje til nokon mindre engasjert forkjempar for nynorsk.

No vel, så farleg var det likevel ikkje. Og vi skal vakte oss for å kjenne skam for vår eiga nære kulturhistorie. Eg synst det er større grunn til å framheve verdien av det aktive språkpolitiske engasjement som vi har tradisjon for i dette landet, sjølv om det av og til tok former som vi vel kunne klart oss utan. I dag kunne vi godt hatt bruk for noko av det tidlegare engasjementet, ikkje til å blåse nytt liv i dei gamle frontlinjene, slik vi av og til opplever spreidde forsøk på å gjere, men i staden kanalisert inn i ein felles kamp for det norske språket, i den eine eller den andre varianten.

Ein del av dei tradisjonelle spørsmåla vi har stridd med i norsk språkdebatt, bør etter kvart kunne nedtonast, sjølv om ein del oppryddingsarbeid og enkelte prinsippavklaringar framleis står att. Enkelte slike avklaringar har likevel skjedd i dei seinare åra, i røynda som resultat av ei gradvis utvikling over lang tid.

Viktigast i så måte er kan hende at den såkalla tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger framstår som aktuell politikk. Stortinget hadde i 1998 ingen merknader til det som stod om dette i den førre språkmeldinga, mellom anna følgjande:

"Det synest å vere etter måten brei politisk aksept for at vi i dag har to offisielle språkformer, og at dette vil vere ein relativt varig situasjon. Det inneber at i staden for å leggje vekt på utviklingstendensar som på sikt kan føre dei to målformene saman, blir måldyrkingsarbeidet snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg."

For også formelt å stadfeste denne situasjonen vil det vere naturleg for departementet i kjølvatnet av den komande språkmeldinga å gjere framlegg om å endre den aktuelle passusen i lova om Norsk språkråd.

Eg vil elles minne om at departementet aktivt har støtta opp om det initiativet Norsk språkråd tok for nokre år sidan for å sikre ein meir stabil rettskrivingssituasjon både for bokmål og nynorsk. Med utgangspunkt i framlegget til opprydding og forenkling av rettskrivinga som vart vedteke på rådsmøtet i 2000, har departementet nyleg gitt Norsk språkråd høve til å gå enda grundigare inn i dette arbeidet. Departementet har gitt uttrykk for at siktemålet med det reformarbeidet som skjer, må vere å kome fram til ei rettskrivingsnorm som i all hovudsak vil bli ståande uendra i lang tid framover.

Ein del av framlegget frå Norsk språkråd til forenkling av bokmålsrettskrivinga var å fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer. Dette prinsippet har departementet slutta seg til, og vi har til og med drista oss til å be Språkrådet vurdere om ein ikkje kan ta bort dette skiljet også i nynorsk. Vi veit at det ikkje er noka enkel sak, men vi meiner at spørsmålet står så sentralt at det må utgreiast nærmare før det kan kome på tale å gjennomføre større endringar i nynorskrettskrivinga.

Eg er glad for alle dei positive reaksjonane som er kome på departementet si behandling av rettskrivingssaka. Det borgar for at det ikkje er på dette området vi vil møte dei største vanskane i språkdebatten i åra framover.

Derimot er det all grunn til å tru at språkvernspørsmål i brei meining vil bli stadig meir sentrale i det språkpolitiske ordskiftet. Eit viktig formål med den meldinga som kjem til hausten, er da også å skissere ei ramme for eit språkpolitisk program som famnar vidare enn det tidlegare meldingar av dette slaget har gjort. Den språkvernplanen som Norsk språkråd vedtok på siste rådsmøtet, reiser ei rad sentrale problemstillingar i så måte. La meg her berre slå fast det som må vere det heilt overordna målet på dette området. Det er at norsk språk – både nynorsk og bokmål – skal bestå som eit kulturspråk og eit fullverdig bruksspråk på alle område av samfunnslivet.

Det er interessant å notere at dette overordna språkvern- og språkstyrkingsspørsmålet no også er sett på dagsorden i dei nordiske nabolanda våre.

I Danmark vart det for ikkje lenge sidan arrangert ein stor konferanse i regi av Kulturministeriet der formålet var å drøfte tiltak for å styrkje det danske språket. Visstnok var det første gongen i historia at det i Danmark var halde ein slik konferanse om dette temaet. Her deltok både forfattarar, journalistar, mediefolk, embetsmenn, og ulike ekspertar frå inn- og utland. Det ein var særleg oppteken av på konferansen, var faren for såkalla doménetap, og den domena som vart sett på som særleg utsett var fagspråket.

I Sverige er det sett ned ein parlamentarisk komite med mandat å leggje fram eit handlingsprogram for det svenske språket. Programmet skal dels omfatte tiltak for å styrkje stillinga for det svenske språket, dels skal det sikre at alle i Sverige, uavhengig av språkleg og sosial bakgrunn, ut frå eigne føresetnader, skal få likeverdige vilkår for å kunne tileigna seg svensk språk. Som eit ledd i arbeidet har ein del av komiteen har vore på besøk både i departementet og i Språkrådet for å setje seg inn i den norske språksituasjonen.

Det er elles all grunn til å tru at det er teknologibasert språkbruk som blir den største utfordringa, både for dansk og svensk språk, for norsk språk generelt og for nynorsk spesielt. Ein reknar med at koplinga mellom språk og informatikk er det som verkeleg vil prege den teknologiske utviklinga i åra framover. Såkalla språkteknologi vil truleg føre til grunnleggjande endringar i kommunikasjonsmønster, i både arbeids- og kvardagsliv.

Nyleg fekk eg overrekt ein handlingsplan for norsk språk og IKT frå Norsk språkråd, og dei utfordringane som her er skisserte er noko av det vi nå må gå laus på over eit breitt felt. Skal vi makte å ta tak i dette, trengst det medverknad frå ei rad ulike aktørar, både i privat og offentleg sektor.

Den aukande bruken av talestyring blir kanskje det mest markerte uttrykket for at språkteknologien stadig vil få meir å seie. Viktig blir også automatisk diktering, automatiske samandrag, omsetjingsvertøy og andre avanserte språklege hjelpemiddel knytt til tekstbehandlaren og på nettet.

Språkteknologi gir lovnader om effektivisering i det offentlege, framvekst av nye arbeidsplassar og auka verdiskaping i det private, ein lettare og rikare kvardag for funksjonshemma. Dette breie spekteret av bruksområde og bruksfunksjonar forklarer kvifor det er så stor interesse for språkteknologi og kvifor det er tvingande nødvendig å utnytte alle dei utvegane som her opnar seg.

Men skal talestyring av maskinar og funksjonar kunne baserast på norsk språk, krev det også omfattande tilrettelegging av norske språkressursar. Maskinen må kunne kjenne att eit stort spekter av talemålsvariantar. Det vil vere eit avgjerande nederlag for norsk språkpolitikk dersom våre talrike dageige møte med teknologien måtte gå føre seg på engelsk eller standardisert bokmål.

Problemet er at det koster like mykje å byggje opp språkressursar for eit lite språk som for eit verdsspråk som engelsk.

Kva rolle det offentlege skal spele i arbeidet med å utvikle ein språkteknologisk infrastruktur, til dømes i form av ein såkalla språkbank, er enno ikkje avklart. Fleire spørsmål må utgreiast nærmare. Meir torer eg ikkje seie om dette i dag.

Eg vil slutte denne talen slik eg byrja – med å streke under mitt sterke engasjement for nynorsk språk og kultur som ein integrert del av den norske felleskulturen.

For ordens skyld vil eg nemne nokre av dei mål og middel som må stå der som faste punkt i vår politikk for nynorsk språk og kultur. Lista er på ingen måte uttømmande:

  1. Det må stå fast at det formelle grunnlaget er den offisielle likestillinga og likeverdet mellom våre to norske målformer, nynorsk og bokmål, slik dette er slått fast mellom anna i lov om målbruk i offentleg teneste.
  2. Det må framleis vere obligatorisk opplæring og vurdering i norsk sidemål i vidaregåande skule.
  3. Det må også i framtida vere ei plikt for tilsette i offentleg teneste å skrive både nynorsk og bokmål.
  4. Det må også heretter vere eit lovfesta krav at statlege organ skal veksle mellom målformene slik at dei oppfyller visse kvantitative minstekrav for bruk av nynorsk og bokmål.

Dei særlege utfordringane nynorsken vil stå overfor i møte med ny teknologi og ei ny medieframtid, er av dei tinga vi må gripe sterkare fatt i enn det som er gjort til no. I dette arbeidet treng vi ei aktiv målrørsle og andre aktørar med fast forankring i nynorsk språk og kultur. Ja, det er utan tvil det som skjer i nynorskmiljøa sjølve som er avgjerande. Nynorskinstitusjonar som til dømes Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Nynorsk Kultursentrum, Dag og Tid og fleire andre er dei mest sentrale aktørar i den kampen som dagleg må førast for nynorsk språk og kultur.

Samanlikna med dette er det lite eit departementet, ei regjering og eit storting kan gjere. Men i det vi trass alt kan gjere, treng vi nokon som kan dytte på oss og vi treng alliansepartnarar. Eg vonar at Det Norske Samlaget også i åra framover kan vere ein av dei fremste – om ikkje den fremste – samarbeidspartnaren vår i arbeidet med å fremje nynorsk språk og litteratur – nynorsk språk og kultur.