Noreg jobbar for eit ope, globalt og fritt internett

Denne veka leiar kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik den norske delegasjonen til FN-konferansen Internet Governance Forum i Kyoto.

Noreg er aktiv i arbeidet med internettforvaltning og samarbeider tett med andre statar. Målet er at internett framleis skal vere ein open og fri arena der ein kvar fritt kan gi og få informasjon, og der grunnleggjande menneskerettar blir beskytta. 

– Vi må unngå at statleg regulering av internett bremser utvikling, innovasjon og kommunikasjon, eller misbrukast til sensur eller propaganda. I ei tid der ein gjerne ser at land ynskjer å avgrense fridom på internett, er det i stadig større grad behov for at dei liberale demokratia er til stades og bidreg inn i det viktige arbeidet i internasjonale fora der internettforvaltninga blir diskutert og forhandla, seier statsråd Gjelsvik.

Internet Governance Forum (IGF) er ein årleg FN-konferanse som gir verdssamfunnet ei moglegheit til å diskutere, dele idear og utveksle erfaringar for forminga av framtida til internett. I år vert IGF arrangert av Japan i Kyoto.

Norsk kandidatur for vertskap

Noreg vil vere til stades med ein stor delegasjon leia av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik for å fremje norske prioriteringar og det norske kandidaturet for vertskapet av IGF i 2025.

I dette arbeidet ønskjer Noreg å rette merksemd mot ei rekke saker som støttar opp om den såkalla multistakeholder-modellen, slik at alle kan gi innspel til forvaltninga av internett også i framtida. Dette omfattar mellom anna arbeid med å styrke ytringsfridomen i det digitale rom, initiativ til å styrke tilgangen til internett i utviklingsland, tiltak mot digital desinformasjon og fremjing av ei etisk utvikling samt innføring og bruk av kunstig intelligens.

– Internett er i dag ein av verdas viktigaste infrastrukturar. For at internett skal vere for alle, er ein avhengig av den riktige balansen mellom openheit, sikkerheit, robustheit og fridom, seier kommunal- og distriktsminister Gjelsvik.

Den norske delegasjonen til årets IGF inkluderer representantar frå Kommunal og distriktsdepartementet, Utanriksdepartementet, Næring- og fiskeridepartementet, Kulturdepartementet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Digitaliseringsdirektoratet, akademia, tekniske miljø og privat sektor. Dei vil delta i diskusjonar om ei rekke emne knytt til kunstig intelligens, multistakeholder-modellen og menneskerettar på nett.

Statsråden ynskjer også å utfordre samfunnsaktørane i Noreg i dag til å bidra inn mot det norske IGF-kandidaturet og vidare arbeid med internettforvaltning.

– Dei aller fleste som brukar internett i dag, er ikkje klar over diskusjonane som no går føre seg. Internett blei ikkje slik det er i dag av seg sjølve, og det ligg ikkje noko automatikk i at det blir verande slik. Det handlar om val som gjerast av menneskje. Vi treng at gode krefter bidreg inn i desse diskusjonane, frå sivilsamfunn, akademia, privat sektor, dei tekniske miljøa – til enkeltindivid, avsluttar statsråd Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no