Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm møter partane i arbeidslivet for å diskutere treparts bransjeprogram mot useriøse arbeidsforhold i særleg utsette bransjar.

Treparts bransjeprogram er ei oppfølging av Soria Moria II og lønnsoppgjeret i vår. Oppslaga i media dei siste vekene, særleg knytt til reinhaldsbransjen, viser behovet for ein forsterka innsats.

Tid: Fredag 3. september, kl. 13-14.
Stad: Arbeidsdepartementet, S-blokka, Einar Gerhardsens plass nr. 3

Statsråden og partane vil vere tilgjengelege for kommentar etter at møtet er slutt.