Inngåelse av ekteskap

Dei som ønskjer å inngå ekteskap, kan vende seg til ein vigslar på staden der dei ønskjer å gifte seg. Vigslar kan vere:

  • Prest i Den norske kyrkja
  • Forstandar i eit registrert trussamfunn. Trussamfunnet må ha fått godkjent forma for vigsel.
  • Seremonileiar i livssynssamfunn som tek imot tilskot. Livssynssamfunnet må ha fått godkjent forma for vigsel.
  • Notarius publicus, det vil seie tingrettsdommar eller byfut
  • Einskilde norske ambassadar i utlandet
  • Einskilde norske sjømannsprestar i utlandet


Det er også mogleg å gifte seg i utlandet for utanlandsk styresmakt, om ein forvissar seg om at ekteskapet er gyldig i det landet der det blir inngått. I desse tilfella må brudefolka sjølve melde frå til folkeregisteret når dei kjem heim.

Frå 1. oktober 2004 kan Human-Etisk Forbund utføre vigslar.

Ekteskap må inngåast frivillig, og begge partane må vere over 18 år. Dersom mindreårige ønskjer å gifte seg, må dei ha samtykke frå foreldra og fylkesmannen. Det er sjeldan det blir gitt samtykke. Dersom nokon er tvinga til å gifte seg, kan ekteskapet kjennast ugyldig. Ekteskap kan ikkje inngåast mellom foreldre og born eller mellom sysken. Vidare er det eit vilkår at dei som ønskjer å gifte seg, har lovleg opphald i Noreg.

Før vigselen må det gjerast ei prøving av ekteskapsvilkåra, det vil seie at ein må forvisse seg om at brudefolka er dei som dei gir ut seg for å vere, at dei er over 18 år, at dei ikkje er gifte frå før, osv. Det er folkeregistra som står for prøvinga.

På Noreg.no og hos Byfuten i Oslo kan dei som ønskjer å gifte seg få meir detaljerte opplysningar.

cms04