Ekteskap og samliv

Personar av motsett kjønn eller to personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Ekteskap får følgjer juridisk for ektefellene i ei rekkje tilhøve.

 

Ekteskap blir inngått ved at brudefolka møter for ein vigslar. Medan begge er til stades skal dei erklære at dei ynskjer å inngå ekteskap med kvarandre. Deretter skal vigslaren erklære dei for ektefolk. Før partane kan gifte seg, skal folkeregistermyndigheita (skattekontoret) kontrollere at dei oppfyller vilkåra i ekteskapslova.

Ungt par som kysser
Foto: Colourbox

Partnarskap

Partnarskapslova, som tok til å gjelde 1. august 1993, gav to homofile personar rett til å inngå partnarskap. Eit registrert partnarskap har i hovudsak dei same rettsverknader som eit ekteskap. 

Partnarskapslova blei oppheva samstundes som felles ekteskapslov blei innført. Dette inneber at det ikkje er mogeleg å inngå nye partnarskap. Partane kan gjere om eit allereie inngått partnarskap til ekteskap dersom begge ynskjer det. Dei må da sende ei skriftlig melding til skattekontoret.

Eit partnarskap som ikkje blir omgjort til ekteskap, vil stå ved lag. Partnarskap inngått i utlandet for utanlandsk myndigheit, vil kunne godkjennast etter norsk rett.

Sambuarskap

Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektefellar i lovverket. Sambuarar blir behandla som ektefellar på einskilde område og som einslege på andre. 

Om sambuarar blir behandla likt med ektefellar eller ikkje, blir avgjort innanfor dei respektive regelverka. Det same gjeld kven som reknast som sambuarar (sambuardefinisjonen).

På enkelte område er sambuardefinisjonen avgrensa til sambuarar med felles barn. På andre område blir òg sambuarar utan felles barn inkludert, men slik at det vanlegvis blir stilt krav til at samlivet skal ha vara ei viss tid. 

I barnelova er ektefellar og sambuarar likestilte. Dette gjeld m.a. etablering av foreldreansvar, rettar og plikter for barn og foreldre ved barnefordeling og samvere. Sambuarar med felles barn under 16 år må òg møte til mekling ved samlivsbrot.

For å få rett til utvida barnetrygd (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet) etter brot mellom sambuarar, må dei leggje fram meklingsattest. 

Hovudregelen på det økonomiske området er at kvar av partane i eit sambuarskap blir rekna som einslege. Regelverket byggjer på at sambuarar kan regulere dei økonomiske tilhøva sine gjennom avtaler.

Sambuarar har inga forsytingsplikt for kvarandre, i motsetning til ektefellar. Sambuarar med felles barn har rett til ein avgrensa arv etter kvarandre og rett til å sitje i uskifte. Dette gjeld òg sambuarar som har hatt eller ventar barn saman.

Sambuarar som ikkje har felles barn, har ingen arverett etter lova. Dette følgjer av arvelova.

Familievern

Familievernkontora tilbyr hjelp til alle som treng å prate om vanskelege tilhøve i familien. Tilbodet er gratis og lett tilgjengeleg. Du kan sjølv bestille time, tilvising frå lege er ikkje naudsynt. 

Familievernkontora gir råd og rettleiing om samlivsproblem, anten til heile familien, til paret eller til einskildpersonar. Ein kan få hjelp til å fortsetje i eit parforhold, eller hjelp i samband med samlivsbrot og separasjon/skilsmål.

Familievernkontora tilbyr ulike samlivskurs som skal støtte opp om samlivet i parforhold, mellom anna for å skape ein trygg og stabil oppvekst for barn. Det finst eigne kurs for førstegongsforeldre, for ekspartnerar med felles barn, og for foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne. Samlivskurs blir og tilbydd i kommunane. Foreldre kan melde seg på kursa på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sine nettsider.

Tenesta oppmodar klientar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir fastlåste. Det finst familievernkontor i alle fylke.

Familievernet skal òg utføre foreldremekling etter lov om ekteskap og barnelova. Mange familievernkontor driv òg førebyggjande arbeid retta mot ålmenta i form av opplysningsverksemd, foredrag, rettleiing m.m. 

Familievernkontora er tverrfagleg bemanna på spesialistnivå, i hovudsak av psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. 

Det finst meir informasjon om familievernet på deira heimesider.