Historisk arkiv

Den nasjonale Dialogkonferansen 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Onsdag 29. oktober 2014 10.00 - 16.00

Den fyrste årlege nasjonale dialogkonferansen for styrka dialog med innvandrarar går av stabelen onsdag 29. oktober 2014.

Velkommen til den fyrste årlege nasjonale dialogkonferansen. Bakgrunnen for konferansen er at regjeringa ønskjer ein styrka dialog med innvandrarar. Representantar frå lokale innvandrarorganisasjonar, innvandrarråd og andre organisasjonar er invitert, i tillegg til departement, direktorat og kommunar. Over 220 deltakarar frå nesten alle landets fylker er påmeldt.

Tid: Onsdag 29. oktober 2014 10.00 - 16.00

Stad: Oslo Kongressenter

Statsminister Erna Solberg (H), barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP), arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (FrP) og helse- og omsogrsminister Bent Høie (H) deltek alle på konferansen, i tillegg til statssekretærar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Program:

10.00 – 10.10

Tale ved statsminister Erna Solberg

10.10 – 10.20

Tale ved barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

10.20 – 10.30

Innlegg frå to representantar frå Kvinnenettverket Noor, ein innvandrarorganisasjon frå Bodø

10.30 – 12.00

Panelsamtale med Daniel Gaim (Prospera), Havva Cukurkaya (DNT), Wasim Zahid (lege/samfunnsdebattant), Kristina Jullum Hagen (NHO) og Sherry Hakimnejad (Kompass & co). Tema for samtalen er trivsel og deltaking.

12.00 – 13.00

Lunsj

13.15 – 15.15

Fire parallelle workshops. Tema: Arbeid, helse, oppvekst og barnevern. Politikarar frå BLD, ASD, HOD, KUD og NFD leier workshopane.

15.30 – 16.00

Avslutning i plenum

Sjå Dialogkonferansens eiga nettside for meir informasjon.

For spørsmål eller meir informasjon om konferansen, ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust på telefon 99 50 19 17 eller e-post: ibm@bld.dep.no.