Historisk arkiv

Radøy kåra til årets barne- og ungdomskommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Statsråd Solveig Horne delte ut prisen til Radøy kommune under Barne- og ungdomskonferansen i Kongsberg i dag.

- Prisen til Årets barne- og ungdomskommune går i år til ein kommune som ikkje har veldig mange innbyggarar, men som har eit brennande engasjement for barn og unge. Kommunen satsar sterkt på at barn og unge skal ha gode og trygge oppvekstkår, og at alle skal ha høve til å utvikle seg slik dei ønskjer, står det i grunngjevinga frå juryen som barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) presenterte.

Her kan du lese statsråd Solveig Hornes tale.

Årleg kåring

Kvart år blir Årets barne- og ungdomskommune utnemnt på Barne- og ungdomskonferansen. Konferansen blir årleg arrangert av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Dei samarbeidde i år med Kongsberg kommune som vann den gjeve kåringa i fjor.

Jurydeltakarane som vurderte dei aktuelle kandidatane var Stian Seland (leiar i Landsforeininga for Barne- og ungdomsorganisasjonar), Mira Aaboen Sletten (forskar ved NOVA), Tor Haave (leiar i Ungdom og Fritid) og Thomas Wrigglesworth (frå Barneombudets kontor).

Les meir om utnemninga på Bufdirs sider.