Gode seminardeltakarar og arrangørar!

Først, takk for invitasjonen til denne konferansen om kunnskapsforvaltning i den digitale tidsalderen. Som fornyings- og administrasjonsminister vil eg sjå emnet, som både er framtidsretta og optimistisk, i samband med regjeringa sin IKT-politikk, som eg meiner har same utgangspunktet.

Rett før jul la vi fram ei stortingsmelding om regjeringa si IKT-politikk, stortingsmelding nummer 17: ”Eit informasjonssamfunn for alle”. For ei veke sidan vart meldinga handsama i Stortinget. Meldinga opnar med ei historie, om ein tidskriftartikkel frå 1945 og mannen som skreiv den: Vannevar Bush.

Artikkelen han publiserte juli 1945 i tidsskriftet The Atlantic er blitt berømt. Den heiter ”As we may think”. Under den andre verdskrigen hadde Vannevar Bush koordinert forskingsaktivitetane til om lag seks tusen leiande amerikanske vitskapsmenn i arbeidet med å bruke viteskap til krigsføremål. Kva no? var spørsmålet ved krigens slutt, og Vannevar Bush kom då med ein ny stor visjon: å sikre tilgang til alle dei kunnskapskjeldene som er bygde opp gjennom hundreåra.

”Vi byggjer opp berg av kunnskap og forskingsresultat, men maktar ikkje å halde oversikt over og finne fram i resultata som er skaffa fram av tusenar av forskarar rundt omkring i verda”. Dette skreiv Bush i 1945, og slik er det framleis. Men vi jobbar med saka!

Vannevar Bush drøymde om å utvikle nye teknikkar for å lagre og finne att informasjon. Om at Encyclopedia Britannica kunne lagrast i ei eining på storleik med ei fyrstikkøskje. Om at eit bibliotek med millionar av bøker kunne lagrast i ei skrivebordskuff, og at heile kunnskapsproduksjonen til menneska, heilt sidan trykkinga sine aller første dagar, kunne lagrast i ein varebil.

Gjennom ny teknologi har vi moglegheiter som langt overstig det Vannevar Bush drøymde om. Spørsmålet er sjølvsagt om og korleis vi klarar å utnytte desse moglegheitene.
Her heime har Nasjonalbiblioteket tatt tak i utfordringane. Eg er glad for at nasjonalbibliotikaren i samband med denne konferansen så sterkt har understreka at det er naturleg  for biblioteket å samarbeide med andre som arbeider med digitalt materiale. Er det ein ting eg er overtydd om, så er det at informasjonssamfunnet ropar etter meir samarbeid mellom verksemder, ikkje minst mellom ulike offentlege verksemder. Det handlar om å forvalte og dele på vår felles kunnskap.

Nasjonalbiblioteket har starta ei fabelaktig satsing på digitalisering. Digitaliseringane legg til rette for at alle skal kunne få lik tilgang til informasjon til ein kvar tid, og er starten på ei demokratisk kunnskapsreform. Dette er ei ny måte å sikre kulturarv på, og dessutan eit viktig bidrag til kunnskapsløftet.

For vår del ser vi denne satsinga som viktig innanfor ein grenseoverskridande, tverrgåande og inkluderande IKT-politikk. La meg difor omformulere spørsmålet ”Er det ein kunnskapsallmenning i cyberspace?” (som vi framleis må svare delvis nei på) til ” Vil vi ha ein kunnskapsallmenning i cyberspace?”. Då må vi fyrst presisere kva slag kunnskap det er snakk om.

I Noreg og i norsk kultur har vi lange tradisjonar i bruk av allmenningar. Det kan vere felles bruk og hausting av naturressursar i skog og på fjell, til dømes jakt, fiske og bærplukking. I forhold til ei rekkje andre land er denne bruken av allmenningar eit særnorsk og særnordisk fenomen. Internett er på sitt beste basert på ein delingskultur med gjenbruk av ressursar.

Vi i regjeringa ser det som ei utfordring å få på plass og utvikle ein digital allmenning i ordets rette (det vil seie: inkluderande) forstand. Ein slik allmenning bør vere så stor som mogleg og innehalde informasjon og materiale av høg kvalitet og etter samtykke frå rettshavaren. Utover dette bør brukarane sine behov stå i fokus. Det bør vere høve til digital gjenbruk til ikkje-kommersielle føremål, og bruken bør vere gratis for den einskilde brukaren.

Alle er eit nøkkelord i IKT-meldinga og i regjeringa sin IKT-politikk. Ved å erkjenne IKT si enorme påverknad på nær sagt alle samfunnsområde, så tek vi òg på oss eit ansvar for å syte for at teknologien når ut, og kan brukast av flest mogeleg. Det er særleg tre føresetnader som må liggje til grunn for dette: Det er 1) tilgang for alle, 2) at løysingane er universelt utforma, og 3) at menneska har kompetanse til å ta løysingane i bruk. Lukkast vi ikkje med dette, vil vi heller ikkje som samfunn lukkast med å ta i bruk dei store moglegheitene den nye teknologien gjer oss som samfunn og som einskilde menneske.

Men digital informasjon er ein ting, kunnskap er noko anna. Kunnskap krev omfang, sortering og tolking av informasjon. Kunnskap krev erfaring i vurdering og bruk av informasjon. Kunnskap krev tankeprosessar og operasjonar som berre kan utførast av den menneskelege hjernen – eller ei utopisk innretning som liknar. Kunnskap er noko ein opparbeidar seg, ikkje noko ein kan helle i seg gjennom digitalt konsum.

Kunnskap kan òg vere noko ein ynskjer avgrensa tilgang til. Det kan vere av tryggleiksmessige årsaker, eller utifrå ynskje om å skjerme dei yngste nettbrukarane mot dei mest eksotiske utslaga av ”kunnskapens tre” i verdensveven.

Spørsmålet om kunnskapsallmenning i cyberspace er difor òg eit spørsmål om personvern, og kva grenser ein bør, og kan, setje mellom det allmenne og det private i den digitale allmenningen. Kven er det eigentleg som skal ha tilgang til kunnskap om kva, her?

Eit godt personvern er ein føresetnad for informasjonssamfunnet. Vi etablerer no ein personvernkommisjon som mellom anna skal utgreie korleis ny teknologi kan vere personvernfremjande og ikkje hemmande. Parallelt med dette vil regjeringa setje i verk tiltak med fokus på retten til å vere anonym, og utvikling av løysingar som sikrar eit slikt tilbod der anonymitet er tenleg og identifikasjon ikkje naudsynt. Vi treng openheit og debatt for å auke medvitet rundt personvern.
Eg trur det er særleg viktig å gjere dei unge meir medvitne på bruk av personopplysningar om seg sjølve og andre på Internett, og å skape refleksjon og diskusjon. I samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Teknologirådet har Datatilsynet utvikla ein eigen kampanje, som mitt departement støtta med midlar. Materiell er sendt ut til alle ungdomsskular og vidaregåande skular. Tankelaus bruk av chattekanalar på Internett kan få kan få store og uheldige konsekvensar. Berre eit tastetrykk er nok før svært personlege opplysningar eller bilete av deg eller andre ligg ope og tilgjengeleg på nettet. Mange har angra på ein det som var tankeløyse der og då. Og -mange fleire enn skuleungdom kan lære av informasjonen og filmane som ligg på nettsidene www.dubestemmer.no.

Digitalisert materiale er ein nøkkelverdi for utdanning og kan gjere våre liv rikare. Innsamling av fakta og tidligere publisert forsking er ein sentral del av arbeidet innan både forsking og utgreingssarbeid. Dette dannar ofte grunnlaget for døme, hypotesar og drøftning. Men, mange forskarar og byråkratar har òg leita med lupe i sitatordbøker for å finne formuleringar som kan friske opp fagspråket. Gjennom IKT kan vi få enklare og meir kjappare tilgang til fakta og sitatvenlege utsegn –samstundes som faren er der for at vi finn så mykje moro at vi brukar altfor lang tid å skaffe fram det eine du skulle ha.

Draumane til Vannevar Bush anno 1945 ligg på nettet i den elektroniske arkivutgåva av tidsskriftet The Atlantic. Jon Bing kan for sin del vise til nokre liknande visjonar om lovdata og elektroniske reknemaskinar som han skreiv i Samtiden i 1971. Men artikkelen ”Jurist i utopia” er ikkje på nett, anna enn som tittel i ein av Nasjonalbiblioteket sine katalogar. Midt på 1990-talet drøymde ein overarbeida informasjonssjef i Finansdepartementet om å overlate den tunge og tidkrevjande distribusjonen av budsjettdokument til ein Internettportal med innebygd sperrefrist: Heller ikkje det hjartesukket, den gongen nedteikna i departementet si internavis ”FINform”, er digitalt tilgjengeleg.

I dag held vi som sjølvsagt at både statsbudsjettet og andre stortingsdokument – inkludert IKT-meldinga – kan printast ut frå regjeringa.no. Medan det tidlegare var lange køar av presse, organisasjonar og andre som måtte lese budsjettet så raskt som mogleg, har alle som ynskjer det tilgang til budsjettpapira i same sekund som alle andre, på jobben eller heime fram føre PC’en.

Teknologiske framtidsvisjonar har ein eigen evne til å framstå som sjølvoppfyllande profetiar i ettertid. Eg håpar difor dei draumane og visjonane som blir lagt fram på denne konferansen både kan svarast digitalt, og gjerast verkelege i framtida.

Eg synest Nasjonalbiblioteket har truffe godt med tittelen for denne konferansen.
Framtida; den er DIGG!

Lukke til, alle, både med konferansen og ikkje minst arbeidet vidare!